Skip to content

Lyptingen Traditional Cache

Hidden : 2/29/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Ved fjellknausen som vert kalla Lyptingen, vest for Ogna stasjon, finn vi eit spennande og ganske uvanleg kulturminne.

Ikkje langt frå cachen kan du sjå det som truleg er restane av ei svært gammal kistegrav i stein (Referansepunkt: Kistegrav). Kista består av 3 større bruddsteinar; to av dei utgjer den nordvestlege langveggen, medan den tredje markerer den søraustlege veggen. Kista er om lag 2,5 m lang og 0,75 m breid.


Opne kistegraver av denne typen er ganske uvanlege å finna her i området, og det er usikkert kor gammal den kan vera. Ein kjenner liknande konstruksjonar frå andre stader lenger sør i Skandinavia, mellom anna i Skåne og fleire i Danmark. I desse områda er denne type graver datert så langt tilbake som til sein-neolittisk tid (eldre enn 1700 f.Kr.) eller tidleg bronsealder.

På Ogna finn vi fleire store kulturminne og det har truleg har vore busettingar her i uminnelege tider. Mellom anna er det restar av ei stor bygdeborg på Borgåsen, noko som tyder på at det alt i folkevandringstid (400 – 600 e.Kr.) har vore eit godt utvikla samfunn her. Kanskje er kistegrava på Lyptingen ein rest av ein gammal gravkultur rygene hadde med seg frå sørlegare delar av Europa då dei kom hit til sørvestlandet ei gong på 4 – 500 talet e.Kr.?
Grava ligg høgt og fint til, med god utsikt over utløpet av Ognaelva. Elva har vore ei livsnerve for samfunnet på Ogna gjennom alle tider, både for transport og for tilgang på mat.
Det at grava ligg slik til, med utsyn over den viktige elva, kan tyda på at det var ein viktig person som skulle leggjast her. Kanskje var det den lokale hovdingen, eller kongen, som fekk slik ein ærefull gravstad.

På sommaren kan du og finna hekkande sandsvaler fleire stader i området. Dei har reira sine i dei bare sandbakkane ut mot Ognaelva.

Hugs at kistegrava er eit verna kulturminne.
Vis omsyn til hekkande fuglar.

Hundar skal haldast i band i sommarhalvåret (1.april - 31.okt)


At the small mountain called Lyptingen, west of Ogna station, you will find an exciting and quite unusual cultural heritage.

Not far from the cache, you can see what is probably the remains of a very old open coffin grave (Reference point: Kistegrav). The grave consists of 3 major stones, two of them constitute the northwestern side wall, while the third marks the southeastern wall. The grave is about 2.5 m long and 0.75 m wide.

Open coffin graves of this type is quite unusual to find in this area, and it is uncertain how old it might be. Similar structures are known from other places further south in Scandinavia, including several in Skåne and in Denmark. In these areas, this type of graves dated as far back as the late-Neolithic times (older than 1700 BC) or early Bronze Age.

Maybe the coffin grave at Lyptingen is a remnant of an ancient burial culture Rygene brought from southerly parts of Europe when they immigrated to this area sometime around 4-500 AD?

The grave lies on high ground, with great views over the outlet of Ogna-river. The river has been a lifeline for the community at Ogna of all time, both for transport and access to food. A grave that lies like this, with a grand view overlooking the river, suggests that it was an important person who who were burried here. Perhaps it was the local chief, or king, who had such an honorable burial place.


Remember that the remnants of the grave is a protected cultural heritage.

Dogs must be kept on a leash during summer (1.april - 31.oct.)

Additional Hints (Decrypt)

Fgrva v swryyfcerxx / Penpx va gur zbhagnva, orgjrra fgbarf

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)