Skip to content

Fusa's Finest #6: Bygdastølen Traditional Cache

Hidden : 9/12/2010
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Denne cachen er ein del av serien "Fusa's Finest"
Den Store Steinen (GC27CPQ)
Horgaberget(GC27TDE)

Fusafjellet (GC27TFG)
Jettegrytene i Fusa (GC2F027)
Havsgårdsvatnet (GC28PGT)

Bygdastølen: Midt i blinken




Bygdastølen er ein idyllisk og godt gøymd stad i Hålandsdalen i Fusa kommune. Etter gamalt har bøndene i Hålandsdalen hatt sauer og kyr på beite her.

Bygdastølen er eit sjeldant flott utgangspunkt for turar i fjellheimen rundt både vår, sumar og ikkje minst haust. Det er svært mykje blåbær og tytebær kring Bygdastølen.


Preparering av løypene.

Det er likevel om vinteren at Bygdastølen verkeleg kjem til sin rett. Hålandsdal idrettslag har laga eit kjempeflott skianlegg her.

Det er preparert 5 kilometer med løyper her i tillegg til standplass for skiskyting med heile 30 blinkar, noko som er like mange som i verdscupen. Det vert arrangert krinsmeisterskap her kvart år.

Om vinteren er det alltid mykje meir snø her enn i lågarelggjande delar av Fusa, som nede ved Eikelandsfjorden. Difor opnar løypene vanlegvis relativt tidleg. I vintersesongen mellom jul og påske vert alle løypene preparert kvar einaste dag.

Frå parkeringsplassen (sjå Waypoint) er det om vinteren skiløype opp til skiskytaranlegget og konkurranseløypene. Alle løypene er lysløyper, og i vintersesongen er det lys i løypene frå 18-21 kvar dag fram mot påske.
Det er enno ikkje lys turen opp frå parkeringsplassen til skianlegget, så om du kjem her på kveldstid, bør du ha med deg hovudlykt.

Besøkjer du Bygdastølen ein vinterdag, treff du kanskje Liv Grete Skjelbreid Poiree og Raphael Poiree i løypene.

Denne turen eignar seg heile året. Vil du gi familien eller deg sjølv ei heilt fantastisk vinteroppleving utan å reise til Kvamskogen eller Voss, er Bygdastølen midt i blinken :)


Det er flotte skiforhold her om vinteren; til saman 5 km med løyper.

Ankomst:

Frå hovudvegen tek du inn ved Holdhus skule. Skulen har også skiskytaranlegg og lysløyper; kor mange barneskular kan skilta med det? Her får ein idretten inn med morsmjølka.)
Etter eit par hundre meter tek du til venstre inn mot Hammarland, forbi gamle Holdhus kyrkje og Hålandsdalen leirskule, som er driven av Bergen kommune. Fylg vegen heilt til endes. Den øvre delen av den i alt 5 km lange strekninga er verdt turen i seg skølv, med ei majestetisk utsikt.
Parker bilen og ta beina / skia fatt oppover til stadion. Sjå koordinatar for parkering nedføre.

NB: Noter deg koden i loket på cachen. Det blir til saman 7 cachar i serien samt ein bonuscache i løpet av sommaren / hausten :)




English:
Bygdastølen is an idyllic and well hidden place in Hålandsdalen in Fusa municipality. Farmers have traditionally had their cattle grazing here.

It is an excellent base for hiking in the surrounding mountains; in the spring as well as in the summer, but especially in the autumn.
The surrounding areas are blessed with a lot of blueberries and red whortleberry.

Still, it is in the winter that Bygdastølen really shines. Hålandsdal sportsclub has made a fantastic ski resort here.
There are 5 km of prepped ski trails in addition to a biathlon arena with 30 shooting targets, just like in the FIS World Cup.
Because of the altitude, there will be a lot more snow here than in the lower areas of Fusa, like Eikelandsosen In the winter season the ski trails will normally be open from Christmas to Easter.

From the paring area you can walk or ski up to the biathlon arena. While all the ski trails are lighted, the trail from the parking area is not, so if you decide to come here in the evening, you should bring a head lamp.
In the winter season all the ski trails are prepped every day.

There is a fair chance of meeting biathlon legend Liv Grete Skjelbreid Poiree and her family here. They live nearby.

Getting there:
Past Holdhus primary school (which also has a biathlon arena and lighted ski trails), take the second to the left towards Hammarland, past the old Holdhus church and Hålandsdalen leirskule (shool camp).
Drive all the way to the parking area. The drive is itself worth the trip.

Write down the code in the lid of the cache. I will place 7 caches in addition to a bonuscache in Fusa during summer / fall.

Additional Hints (Decrypt)

RA: Haqre fgbar. Cyrnfr cynpr onpx rkpnpgyl gur fnzr jnl. AB: Haqre fgrvauryyr. Yrtt gvyonxr nxxheng fyvx qh snaa qra.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)