| HAUKELISETER 980 m.o.h. |
|
|

|
|
Frå den grå oldtid har folk kryssa Haukelifjell. Folk fór i
mange slags ærend, driftekarar og handelskarar, kongsmenn og
fredlause røvarar, og så pilegrimene på veg til Røldal.
På veg over fjellet fann dei nattely under hellerar og i
steinbuer. Ved Ulevå er ei hole med plass til tolv mann. Ikkje å
undrast at nokon fann på å laga ei fjellstove her.
Haukeliseter heitte opphavleg "Hustuftene". Namnet viser at her
har vore busetnad lenger tilbake i tida. Det er og ei segn om at
det ein gong skal ha stått eit kapell på Hustuftene.
Det var mogleg å overnatta på Haukeliseter før fjellstova vart
bygd òg då det stod ei steinbu her. Om ikkje ei steinbu høyrest
særleg freistande ut, var det mykje betre enn å sova under ein
hidlar.
|
|
From ancient times people have been
crossing Haukeli Mountains. Many kinds of people went here: horse
salesmen, the kings' men, outlaws, and of course pilgrims on their
way to Roeldal.
They slept under big stones and in stone
cottages.
|
| I 1861 kom det fyrste initiativet til
å byggja fjellstove på denne viktige fjellovergangen. I 1866-69
løyvde Stortinget pengar til fjellstova på hustuftene i austhallet
ved Ståvatn. Den fyrste verten, Olav (Arneson Hauge) Havradalen,
styrte fram til 1874. Han vart etterfølgd av fleire fjellrøynde
vertar. I 1963 overtok Stavanger Turistforeining drifta av denne
gamle, tradisjonsrike fjellstova.
|
|
In 1866-69 the government gave money
to build a mountain inn at this improtant mountain pass. The hosts
were all
experienced mountaineers.
In 1963 The Stavanger Tourist Union bought the place, and now
they host it.
|
|
Før vassdraget vart regulert blei strendene saumfarne av
arkeologar. Fleire funn frå steinalderen blei gjorde.
|
|
Archaeologists have found remains from
the stone age at the beaches here.
|
| Frå Haukeliseter er det naturlege
innfallsvegar til rutenettet til DNT. Går du nordover, kjem du inn
på rutenettet på Hardangervidda; og går du sørover, går turen i
Ryfylke- og Setesdalsheiane.
|
|
At Haukeliseter the trails start both
for hiking on Hardangervidda plateau and the Ryfylke- and Setesdals
moors.
|
| Haukeliseter fjellstove ligg like ved
E134 og kan tilby mat og overnatting i alle prisklassar.
Ein av dei prominente personane som gjesta Haukeliseter, var
Fridtjof Nansen. Han budde her fleire veker kvar sommar, ofte saman
med engelske vener.
Haukeliekspressen har stoppestad i tunet her.
|
|
Haukeliseter fjellstue is close to the
main road E134. They have rooms to all different prices.
Fridtjof Nansen used to stay here several weeks every summer,
often together with friends from England.
The bus Haukeliekspressen (Bergen/Haugesund to Oslo) stops
here.
|
|

Ulevåstoga (til høgre) og Vegarbeidarbrakka frå Tyrveli (til
venstre)
|
| Ulevåstoga. Vart sett opp i 1863 ved
Ålmannvegen ved Ulevåvadet som overnattingsstad for reisande. Hytta
vart flytta hit rundt 1890 og fungerte som overnattingsstad for
folk som ikkje kunne betala for seg på fjellstova.
Den gamle vegarbeidar- og vegvaktarbrakka, brukt 1870-1945. Står
no ved ein bit av den gamle hovudvegen.
|
|
The Ulevå Hut. From 1863 used at
sleeping place for travellers. Moved here in 1890 and used as
sleeping place for people who could not afford to stay at the
mountain cabin.
The old road workers hut, used 1870-1945. Now placed by a small
part of the old road.
|
Kjelde /
Source:
Øystein Kostveit: Kulturhistorisk vegbok for Vinje, Rauland og
Haukeli
Una Høydal (red./edit.): Fann eg dei stigar
|
|
|
|