TINGVOLL - Herradshuset i
Rauland
Huset er ei gamal jakthytte som Rauland kommune kjøpte av
skipsreiar Grønn på Berge i Øyfjell 1928. "Hytta" blei bygd
på fleire gonger og har ved sida av herradshus-funksjonen vore
bruka til skule, offentlege kontorer, tannlege, lege og utleige til
andre privatpraktiserande.
"Draumkvedesalen" er den gamle herradsstyresalen i Rauland fram
til samanslåinga med Vinje i 1964. Salen ble no nytta til
øvingslokale og møtelokale for lag og organisasjonar. Salen
er dekorera av Raulandskunsnaren Sveinung Svalastoga. Han har
teke utgangspunkt i visjonsdiktet Draumkvedet som finnast i rundt
70 ulike variantar.
Presten og salmediktaren Magnus Brostrup Landstad samla og
folkevisur. Han skreiv opp Draumkvedeversjonar rundt
1840. Det er funne rester av visjonsdiktet i Rauland, Vinje,
Mo, Seljord, Fyresdal og Lårdal i lag med gamle stev.
Diktet tek utgangspunkt i den katolske tida, truleg på
1200-talet, og syner vegen gjennom skjærsilden til
himmelrikje. Kan samanliknast med engelsk visjonsdiktning frå
rundt 1150 - 1200.
Cachen er ein nano
Ta med eige blyant - Bring your own pen -
Eigene bleibstift mitbringen
En avigerus 2010-cache