Skip to content

Badeland Traditional Cache

Hidden : 11/24/2012
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   other (other)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Denne cachen var luke nr 8. i Bergensområdets adventskalender i 2012.
 
Cachen er plassert ved ein liten kulp i Sagstadelva i Nordvik. Kulpen har nok vore nytta som badeplass i tidlegare tider, ettersom gamle skilt langs stien som leier fram til kulpen, syner vegen til "Badeland".

Sagstadelva er grense mellom Nordvik og Sagstad, dei to gardane som ligg lengst sør i Fana. Elva har sitt utløp frå Svartavatnet, eller Ulvvatn som det står på dei offisielle karta. Svartavatnet er eitt av hovudmagasina for vassforsyninga i Bergen, og utløpet mot Sagstadelva er difor sterkt regulert. I flaumperiodar er det rikeleg med vatn i elva, men elles - og særleg om somrane - kan vassføringa vera svært lita.
 
Vel 100 meter nedanfor Badeland ligg staden som lokalt er best kjent under namnet Holmen. Ein holme er det eigentleg ikkje, men ei nokså stor flate mellom elveløpa. Her er det bygt leirplass og ein gapahup som vert aktivt nytta av Nordvik skole. Nordvik skole er ein fådelt barneskule med om lag 50 elevar frå første til sjuande klasse. I desember kvart år arrangerer Nordvik Vel fakkelmarsj for små og store innbyggjarar i grenda frå Nordvik skole og inn til Holmen, der det vert brent bål og servert pølser.  
 
Inn til Holmen og Badeland kjem ein seg lettast ved å gå på den grusa traktorvegen som går innover frå parkeringsplassen ved Nordvik skole. Det er om lag 700 meter å gå til Holmen, derifrå er det tydeleg sti dei siste metrane inn til Badeland.
 
NB! Normalt er det fin veg å gå på, men i periodar når det har vore mykje nedbør, hender det at elva som kryssar traktorvegen, flaumar over. Støvlar er då naudsynt for å koma seg fram på ein grei måte.





Additional Hints (Decrypt)

Ab: Rva ni qrg fyntrg fbz abeznyg yvxne å onqn. Ra: Bar bs gur xvaq gung hfhnyyl rawblf onguvat.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)