Skip to content

Kongevegen - Lærdalsøyri Traditional Geocache

Hidden : 9/3/2016
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1 out of 5

Size: Size:   large (large)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Kongevegen - Lærdalsøyri


Vennligst sett cachen tilbake på plass.
Eng: Please set the cache back into the position.



Inst inne i Sognefjorden hadde Lærdalsøyri ei sentral plassering og trekte til seg handel og varebytte både frå fjordstrøka i Sogn og fjellområda austafor. Særleg den årlege haustmarknaden på Øyri, med røter tilbake til 1500-talet, samla mykje folk. Marknaden var blant dei største på Vestlandet, og kjøpmenn heilt frå Bergen kom med «byvarer» som dei selde.

Den gamle Kongevegen var ein viktig føresetnad for oppblomstringa av tettstaden Lærdalsøyri utover på 1800-talet. Då køyrevegen vart bygd, auka handelen. Det vart enklare å kome seg over fjellet, og ein fekk mykje meir plass på ein hjuldoning enn på hesteryggen. Via hovudgata gjennom Øyri, Øyragata, enda Kongevegen nede ved Løytnantsbrygga. Herifrå var det sjøvegen vidare vestover, anten til Gudvangen og vidare til lands på Kongevegen mot Voss, eller med båt heile vegen til Bergen.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.



Located innermost in the Sognefjord, Lærdalsøyri became a natural meeting point for merchants and traders from the communities along the fjord and in the mountains to the east. The annual autumn market at Øyri, dating back to the 1500s, was particularly popular. It was one of the largest of its kind in Western Norway, and merchants from as far afield as Bergen came to sell their "goods from town".

The old Kongevegen played an important in Lærdalsøyri’s prosperity during the 1800s. With this new road completed, trade increased. Crossing the mountain was easier, and far more goods could be transported in a cart than on horseback. Running via Øyri’s main street Øyragata, Kongevegen ended by Løytnantsbrygga quay. To continue west, you had to travel by sea – either to Gudvangen and then along Kongevegen towards Voss, or by boat all the way to Bergen.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen



Geocaching i Norge

Additional Hints (No hints available.)