Skip to Content

<

Lårdalstigen - tøffare enn Besseggen?

A cache by Gamlemor-bæææ Send Message to Owner Message this owner
Hidden : 5/22/2010
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size: regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

DU MÅ KJØRE EIN STIKKVEG SOM TAR AV FRA EIDSBORGVEGEN ETTER ALLE DE KRAPPE SVINGENE FRA DALEN MOT EIDSBORG. DET STÅR TO GODT SYNLEGE SKILT MED "LÅRDALSTIGEN" I VEGSKILLET.

Koordinatene i vegkrysset er :N 59° 27.154 E 008° 01.221

VÆR FORSIKTIG NÅR DU SVINGER AV - AVKJØRINGA KJEM BRÅTT PÅ!!

PARKERING:Du kan parkere i enden av stikkvegen, men steng ikke for porten.


Slik såg det ut på plassen i 2008 da Lårdalstigen inviterte til "jomfrutur".

Lårdalstigen - tøffare enn Besseggen?

TURSTI FOR DEG SOM VIL HA UTFORDRINGAR!

Ein kan gå frå Eidsborg (500 m oh) til Lårdal, eller starte i Lårdal (72m oh).

Turløypa vart laga i 2007 av lokale krefter, og opna i mai 2008. Hovedstien er merka med raudt og blått - sidestiane til utsiktspunkt o l er merka med gult.

Den 15 km lange stien går delvis ute langs fjellkanten og tidvis inne i frodig skog. Høgaste punkt på turen er 840 meter o h – da ser ein vatnet 770 m lenger ned.

Dei raskaste går turen på 3 timar, - andre tar seg god tid og bereknar å bruke heile dagen. Skal du ta alle cachene ( ca 30) må du regne å starte grytidlig!!

Første del av Lårdalstigen er rimeleg lett å gå. Du kan gå eit stykke og snu. Vil du gå heile turen, må du vere i god fysisk form og du må rekne med å bruke 5-9 timar på heile turen + tid til leting og logging . . . . Du bør ha:

• sko med gode sålar og gjerne ankelstøtte

• mykje drikke - særleg på varme dagar og om du går raskt

• fotoapparat, kikkert og niste

• så god tid at du kan utforske terrenget utanom hovedstien • stavar er gode å ha, men lett å gløyme att....


Ta kontakt med Dalen Turistkontor Tlf 35 07 56 56 Der får du praktiske råd og tips.

E-post: info@visitdalen.com og sjå visitdalen.com for meir info.

Ein levande fotomontasje finn du om du søker etter Lårdalstigen HER. Store deler av turen går i jomfrueleg terreng, men i første og siste delen har det vandra mykje folk før deg. Langs stien er fleire merke etter tømmerdrifter. Ved Juvstøyl går vegen forbi restar av ein kabelbane og fleire stader ser ein tømmerrenner ned til Bandak, t d Heddedalskotet og ved Møyskriv. Siste del av stien ned mot Lårdal går tidvis i ei slik tømmerrenne.

Heddebu er ei gamal skogskoie som er stelt opp med senger og ein omn. Ta ein tur inn og skriv deg i hytteboka. Om du vil kan du overnatte.

Lårdalsheiane er kjend for brynesteinsbrot. Det kan ein ikkje sjå på denne turen, men like ved Mærdalstjønni finn ein restar etter eit skiferbrot.

Kvart år blir det annonsera opningstur siste laurdagen i mai.

I 2012 går startskuddet laurdag 26.mai kl. 09.15.

Det går buss frå Lårdal kl 08.15 og buss frå Buss frå Dalen båthamn til Sui-Rue kl 08.30. .

Frå kl 14-17 er det transport frå Mæland i Støylsdalen til Lårdal for dei som ikkje orkar å gå siste biten.

Rutebåt eller eventuelt buss til Dalen går ca kl 18.15

I Lårdal kan ein slappe av med mat og drikke på åpningsdagen. Ellers er det ikke helt klart hvordan det blir med salg/servering i Lårdal i år.


Deltakaravgift: kr 100,- for vaksne og kr 50,- for born under 15. Dei under 10 år går gratis. Deltakaravgifta dekker både busstransport og arrangement i løpet av dagen.

Flora og fauna.

Turstien slyngar seg gjennom svært variera terreng med planter, insekt, fuglar og dyr som ikkje er så vanlege. Ein går over gamal setervoll, langs myrdrag, over tørre bakkar og fjell - og i gamal, urørd skog der det knapt har gått folk før. I rasområdet mellom skogskoia Heddebu og Holte har det vokse opp ein heilt ny flora etter 1990. Der finn du fleire orkidéartar, m a kvit skogfrue og søstermarihand. Det veks lind, svensk asal, timian, oregano og andre varmekjære artar. Gaupa har tilhald i fjellsidene mot Bandak, og ein ser stadig spor etter rådyr, hjort og elg. Ørn og våk har reir, og i mai/juni flagrar freda apollosommarfuglar rundt om i bakkane.


Innhold i cachen ved utlegg: logg, blyant og spisser. Leirkrukke,kobbermynter, kulespill mm. og en reisevenn.

Additional Hints (Decrypt)

arggvatuwøear/jver zrfu srapr pbeare
SBEFVXGVT

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)



 

Find...

156 Logged Visits

Found it 143     Didn't find it 3     Write note 6     Publish Listing 1     Owner Maintenance 3     

View Logbook | View the Image Gallery of 19 images

**Warning! Spoilers may be included in the descriptions or links.

Current Time:
Last Updated:
Rendered From:Unknown
Coordinates are in the WGS84 datum

Return to the Top of the Page

Reviewer notes

Use this space to describe your geocache location, container, and how it's hidden to your reviewer. If you've made changes, tell the reviewer what changes you made. The more they know, the easier it is for them to publish your geocache. This note will not be visible to the public when your geocache is published.