Vakre Øygarden er ein ny serie som tar for seg fine plasser i Øygarden, som vi synest er verdt eit besøk og ein cache. Alle cachene er veinære og det skal være mulig å parkere bilen i nærheten.

Kystmuseet i Øygarden - Museum Vest
Opplev nydeleg kystnatur og spennande utstillingar i eit autentisk sjøbruksmiljø. Få eit innblikk i fiskeri- og havbruksnæringa, olje og gasseventyret.
Få stader er tidslina så synleg som ved Kystmuseet i Øygarden. Her, midt i det moderne oljeeventyret, kan du sjå korleis menneska i Øygarden har levd og overlevd ved å bruka naturen og naturressursane rundt seg.
Gjennom utstillingar, filmvising, guida utflukter og sykkelturar får du ta aktivt del i historia til kystfolket. Kampen for tilværet i dette vêrharde stroket av vestlandskysten har prega sivilisasjonen og kystkulturen gjennom uminnelege tider. Det særeige sjøbruksmiljøet som museet er omgitt av, viser tider før vegar og bruer kom, tider med robåt, segl og motor, og tider med landnot. Det viser kvalfangst og sildefiske, heime og under fjerne himmelstrok, tider med sveltihel og tider med olje- og gass, ørret og laks.
Ein tur til Kystmuseet i Øygarden er spanande å kombinera med visningstur til olje- og gassanlegga på Kollsnes og visningssenteret for laks og aure i Ovågen.
Museet har auditorium, konferanserom, uteamfi og eigen museumskafé. Dette gjer Kystmuseet til ein opplevingsrik arrangementstad for konferansar, seminar, møte, konsertar osv.