Skip to Content

<

Hareid Stadion

A cache by GeoCacheLauget Send Message to Owner Message this owner
Hidden : 07/21/2015
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size: micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Related Web Page

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Turn var den dominerande idretten etter at Hareid Idrettslag vart skipa i 1922. Men utover 30-åra kom også ønsket om å drive med andre idrettar, til dømes fotball. Det vart sparka ball inne i Myrane, på Hareidssanden, på skuleplassen på Holstad og framfor Trudvang, men ein mangla ein fast plass å vere.
I 1939 og 1940 jobba leiarene i idrettslaget med banespørsmålet, men fall først i grus. I 1942 sende ein gjeng ivrige ungdommar eit brev til kommunen der dei instendig ba om å få på plass ei bane. Det vart deretter jobba med å få på plass det økonomiske. Plassen for bana var alt peika ut; den store området ved Pålhaugane. Då krigen var slutt gjekk ein i gang med arbeidet. Vi siterer frå jubileumsboka:
"Det viste seg når moldhaugane på området vart fjerna, at der låg ein god morenryggsom praktisk talt var ferdig planert. Dermed slapp ein å køyre til grus, og det var berre å finplanere utover ein del av sanden frå grøftene. Grusdekket var godt, om enn litt skitsamt".
Plassen vart først teke i bruk i 1946. Fotballen på Hareid kunne rulle i gang. Frå 1963 kom planane om å bygge ut Hareid stadion i gang. Den 19. juni 1968 vart den nye anlegget opna, med grasbane og friidrettsbaner rundt.
Utover 90- og 00-åra begynte graset å bli i heller svak forfatning. Det var heile tida meininga å sette i gang med å oppgradere stadion etter at kunstgrasbana kom i 2007. I 2009 begynte ein med rennovering. Graset vart derfor nesten ikkje brukt det året. Planen er no at eit oppgradert anlegg med finare og jamnare gras med skikkeleg høve for friidrett rundt skal stå klart i 2010.

Cachen ligg utanfor sjølve stadion, og nokon kunne kanskje forbinde det meir med hedensk jole.
Uansett, har du gps, kan du nærme deg ganske godt.
Microcache kun med logg, ta med skrivesaker.

Additional Hints (Decrypt)

Oner qra rar re ergg

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)



Return to the Top of the Page

Reviewer notes

Use this space to describe your geocache location, container, and how it's hidden to your reviewer. If you've made changes, tell the reviewer what changes you made. The more they know, the easier it is for them to publish your geocache. This note will not be visible to the public when your geocache is published.