Skip to Content

<

Hestenesøyra - handelsstaden

A cache by gelstra Send Message to Owner Message this owner
Hidden : 8/11/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size: small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Denne cachen er plassert i sentrum av den gamle handelsstaden Hestenesøyra / The cache is located in the historic trade post at Hestenesøyra.


Hestenesøyra - handelsstaden

Hestenesøyra er ei bygd i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Bygda var tidlegare ein sentral handelsstad og trafikknutepunkt i indre Nordfjord. Staden ligg mot vest i Gloppen på neset mellom fjordopningane til Gloppefjorden og Hyefjorden. Bygda var ein stor bidragsytar innan messingvareproduksjon i Norge og eit viktig trafikknutepunkt. Bygningsmiljøet ved kaia på Hestnesøyra vitnar om handel og samferdsle gjennom mange generasjonar. Den siste butikken stengde dørene i 1985 og rutebåtferdsla slutta kring 1970.

Bergensaren Daniel Didrik Müller starta den første handelen og gjestgiveriet på Hestenesøyra i 1712. Det gjekk dårleg med handelen og gjestgiveriet. I 1730 selde han. Nils Andersson Tyndgren eigde deretter handelen og gjestgiveriet i sju år før Dines Danielsson Müller tok over i 1737. Han døydde i 1768. Enkja Dorte selde staden og flytta derfrå. I 1770 tok Didrik Knutson Sætre frå Stryn over, og då han døydde i 1793, vart svigersonen Jakob Jonsson Lotsberg kremmar og gjestgjevar fram til 1825, då Jon Jonsson Hauge vart eigar.

I 1845 overtok Kornelius Jonson Øyra, men overlet staden til broren Jon i 1851 og flytta sjølv til Austlandet. Jon Jonson Øyra selde i 1859 til stryningen Amund Martinson Fosnes. Han reiste til Amerika i 1867 og overlet handelen og gjestgiveriet på Hestenesøyra til lærdølen Ivar Øvregaard. Han vart i tillegg både postopnar og dampskipsekspeditør på Hestenesøyra.

Gloppens Spare- og Forbrugsforening var eit aksjelag som starta handel på Hestenesøyra i 1873. Laget hadde medlemer frå Nesjane, Nordbygda (Lote og Hennebygda, no i Eid kommune) og Hyen. Dette var ein type samvirketiltak som vart skipa til i mange bygder frå 1870-talet og utover. Føremålet var å sikre bøndene rimelege innkjøp av m.a. reiskapar og kunstgjødsel, og hjelpe dei med omsetjinga av landbruksvarer.

Laget heldt først hus hjå I. Øvregaard. I 1880 kjøpte laget handelsstaden til numedølen Abraham P. Bøchmann, ein omreisande skreppekar som hadde slege seg ned med handel på Hestenesøyra i 1865. Då var det tre handelsmenn i den vesle bygda, og den harde tevlinga dei imellom gjorde at Bøchmann gjekk konkurs.  Forbruksforeninga på Hestenesøyra vart oppløyst i 1901, og bygningane selde til Josef H. Lothe som dreiv handelen vidare. Saman med broren Rasmus som hadde lært seg byggefaget i USA reiste han eit stort treetasjes hus som stod ferdig i 1912. Dette er truleg det første huset av den storleiken i landet som er bygt i reisverk og ikkje tømmer.

Lothe-familien dreiv butikken til ut på 1980-talet. Sidan har eigarane Kari Håbrekke og Dag Lothe arbeidd med å restaurere handelsstaden på Hestenesøyra. For dette arbeidet fekk dei byggeskikkprisen til Gloppen kommune i 2011.

Dampskipskaia

Bygningsmiljøet i strandsona på Øyra ber preg av at sjøen ein gong var ferdslevegen. Ved den gamle dampskipskaia står enno lagerbua for varer som kom, eller som skulle sendast med fylkesbåtane. Ved denne kaia står også huset som tidlegare hyste ein av butikkane i grenda. Mellom Lothebutikken og dampskipskaia stod meieriet, ein liten kvit bygning med gavlen mot sjøen. I 2006 vart meieriet rive, og det vart bygt eit bustadhus på murane. Under alle dei nemnde bygningane er det solide gråsteinsmurar som tek opp den nødvendige høgda mot fjorden.

 

Kjelder: Ola M Hestenes (2001): Nesjane krins, wikipedia
Arne Eikenes (2001): Bygningsmiljøet ved kaia på Hestnesøyra, Kulturhistorisk leksikon Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkesarkiv (www.sffarkiv.no)

 

Hestenesøyra – the Trading Post

Hestenesøyra is a village in Gloppen municipality in Sogn og Fjordane county in Western Norway. Previously the village was a central Trading Post in the area. Hestenesøyra is located in the western part of the municipality between the Gloppefjorden and Hyefjorden. The village was a central hub for the fjord traffic in Nordfjord until the 1960s. The buildings surrounding the quay reminds of trade and travelling through centuries. The last grocery store closed in 1985.

Daniel Didrik Müller from Bergen started the first Trading Post and guesthouse at Hestenesøyra in 1712. Different owners run the business during the century. Ivar Øvregaard from Lærdal bought the Trading Post in 1867. He was also postman and steamship operator/salesman at Hestenesøyra.

In 1880 Gloppen consumer association bought a part of the Trading Post. They ran the business until 1901 when they sold to Josef H. Lothe. He continued the trading, and his family ran the trading post until the 1980s when it was closed. Since then the owners Kari Håbrekke and Dag Lothe have restored the Trading Post at Hestenesøyra. In 2011 they got the municipality’s architectural award for this work.

 

Sources: Ola M Hestenes (2001): Nesjane krins,
Arne Eikenes (2001): Bygningsmiljøet ved kaia på Hestenesøyra, Kulturhistorisk leksikon Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkesarkiv (www.sffarkiv.no),
wikipedia

Additional Hints (No hints available.)



 

Find...

43 Logged Visits

Found it 41     Write note 1     Publish Listing 1     

View Logbook | View the Image Gallery of 8 images

**Warning! Spoilers may be included in the descriptions or links.

Current Time:
Last Updated:
Rendered From:Unknown
Coordinates are in the WGS84 datum

Return to the Top of the Page

Reviewer notes

Use this space to describe your geocache location, container, and how it's hidden to your reviewer. If you've made changes, tell the reviewer what changes you made. The more they know, the easier it is for them to publish your geocache. This note will not be visible to the public when your geocache is published.