Skip to Content

<

Torvløå HodR #9

A cache by GeoCacheLauget Send Message to Owner Message this owner
Hidden : 10/12/2017
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size: micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Related Web Page

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

HodR - er en serie cacher som Geocachelauget legger ut. Det er cacher plassert i tilknytning til kulturminner og steder som har historisk verdi, helst fra før år 1900. HodR har navnet etter Hod, som er det gamle navnet på Hareidlandet, og R som er runemerket kulturminner er merket med i kart og oppslag. Tilsammen blir dette HodR.


Dette er en cache som GeoCacheLauget har plassert ut langs Rotarystien. Stien går fra demninga ved Snipsøyrvatnet (Hovdevandet ref.kart 1897) og gjennom myrområde mot Grimstadvatnet, videre langs Hareidselva til sjøen. Stien er laget mye på dugnad av Hareid Rotaryklubb, og var ferdig i 2012. Rotaryklubben vedlikeholder stien. Dette medfører at vi kan nyte dette flotte turområdet i sin helhet. Hareid IL- turgruppa har også plassert turposter etter stien. Stien også igjennom område som tidliger ble benyttet til å ta ut torv til brensel. Velger dere å gå hele stien vil dere passere ei torvløe.
 
Cachen inneholder kun logg, BYOP (Ta med egne skrivesaker.)
Cachen er plassert i fuglelivfredningssone, som er uten regulering av ferdsel og begrensninger i ferdsel, men som alle andre steder i naturen må vi alle forholde oss til, og overholde den generelle aktsemdplikta i naturmangfoldsloven. Selv om denne Cachen ligger utenfor nærliggende grense for Grimstadvatn naturreservat, må det tas hensyn til at innenfor reservatet trenger du ikke gå. Vis hensyn.
Torvspading i Hareid kommune (kilde: kulturminneatlas.no)
Fylke:Møre og RomsdalKommune:Hareid
Hareidsmyrane sett frå Melshornet
Hareidsmyrane sett frå Melshornet
Fakta og teknisk beskriving
Mold og myr /Av Endre Hareide.

I dag ville snakk om mold og myr ha lite interesse for seg. Annleis var det for nokre tiår tilbake, då var tilgang til myr og mold eit spørsmål om å overleve. Både husmann og bonde måtte eige eller leige seg myrstykke. I dei skoglause grender vart ein gard med tilgang til skog, rekna som eit privilegium.
Det hadde vore interesant å få vite kvar folk hadde sine plassar for spatorv, men det vil falle vanskeleg, - for alle hadde torvstykke, og mange av dei som kunne fortelje, lever ikkje lenger.
Kjem ein idag inn på dette spørsmålet med gamle folk tilstades, vert det straks interesante forteljingar å høyrene om torvspainga. Denne vårlege onna, der alle, unge som eldre var med. Når skulane også tok torvferie, så vart det folkesamt på myrane den tida.
Medan Alme hadde torvstykke i Hjørndalsmyrane, spadde Brandal mykje av torvet sitt i Hovdemyrane. Nils Brandal (Bakke-Nils) kan fortelje om torvløene som stod nær ilag, - både Bakke, Plassen og fleire frå Brandal var samla, litt framme på myra.
Ja, når innattemitelar fekk hyggelege folk frå Overa til grannar, så var det også fleire som opplevde godprat med fjorårsgrannane sine.
Ei tid under krigen hadde tysk militær på Kvitneset torvstykke i nedre Hovdemyrane og fremste del av Kaldholmyrane. Lastebil med russiske krigsfangar og tysk militært personell som vakt, frakta torvspadarane fram og tilbake frå myrane. Når arbeidet gjekk føre seg, tok folk frå nabolaget seg turar til russefangane med ein matbit, - og som Rasmus Topphol sa, ein soldaten berre vende seg bort medan det skjedde, - ein annan stramma seg opp så givarane stussa.
I denne tida hadde tyskerane og ei bestemt og uredd kvinne i 60-års alderen som nabo. Ho vart i dagleg tale nemt som Hovdemarja. Tyskerane fekk besøk og irettesetjing for stellet av russefangane: «Kva ho mor dokka hadde sagt viss ho fekk greie på at dokke ikkje var snilde med fangane» var Hovdemarja si moderlege åtvaring.
 
 
Torvspading.
Etter at våronna så nokolunde var ferdig, stod torvspadinga for tur, med eit par veke i myrane.
Heimanfrå måtte fraktast torvtrille (minst to), skufl, greip og øks. Mange hadde torvløer, og der stod torvspade og stikke, - to reidskap som du idag kanskje må på museum for å ta i augesyn.
Det var minst to i lag, ein til å spa, og ein til å trille. Spadaren fylte trilla med torv, og trillaren køyrde ut og leste av med stikka, - ei og ei torve vart lagd i fine rader ute på holane som det vart kalla. Komen tilbake til hola og torvbenken, sto ei ny fullasta trille klar, med vått tungt torv.
Det var hardt arbeid, så det skulle mykje mat til for folket i myrane. Middag som vanleg kring klokka tolv, også under torvspadinga. Var vegen kort, kunne ein gå heim til mat, dei svoltne skygde då for auge, for å sjå om klede var hengt ut i loftglaset, - eit varsel om at middagen var klar.
Oftast måtte maten berast til torvmyra. Mykje mat måtte til, og i det skoglause terrenget kunne ein sjå matmora i kvitt forkle, stressande med matspanna og torgveska.
Det er fortalt at ei husmor hadde laga ball til dei to drengane på Kvitholane, tjuge stykke skulle vere meir enn nok, men drengane var i tvil, og rett nok, då dei halla seg i lyngen ette måltidet låg der berre ein ball igjen.
Dei fleste hadde med koparkjelen, - med lyng, eine og småkvist vart kaffien kokt. Grovskivene smakte fortreffeleg ute i det fri mellom lyngtuene. Kaffilukta, og den spesielle dåmen frå grua med sprakande snår, - ja, den sit i minnet den dag i dag.
På same myra kunne høgda på spatorv, torvdjupna, skilje mykje. I nørste enden av Kvitholane (myra mellom Melshornet og Grimstadvatnet) var djupna minst to tre meter, medan den elles låg på vel ein meter. På Hareidsmyrane med Grimstadbyte tvers over, var det mot Grimstadkanten passe djupt med spatorv, men i retning Hareidselva minka det ned til under ein meter, - her var torvet svart og tett, i dei høgare torvbenkane var det oftast meir innslag av mose.
Her kunne vere interesant å nemne kva far fortelde: Det var gamle Pål i Pålgarden (1818 – 1906) som hadde høyrt frå gamalt folk at dalen ovanfor kyrkja (Eliasgarden) er frå ei utspadd torvmyr, og der var torvbenken i si tid så høg, at både mann og hest kunne stå attunder i regndrevet.
Utspadd myr kan kanskje og vere årsak til at nemninga myr eller myra, framleis vert brukt, sjølv om der i dag er åker og eng.
 
Husing til brenntorv.
Brensel til omn og komfyr måtte vere turrast råd, så spatorvet vart ikkje brukande ved å ligge flatt på holane, husing måtte til. Då dukka det opp eit minne frå ein varm og turr ettermiddag, - eg hadde tid, og veret var lagleg for husing på Kvitholane. Komen på plass starta eg ved kanten på holen, - tok to torve, snudde og la dei ned med passe avstand, to nye torve vart lagt på tvers av dei første, slik krosslegging vart gjort i fire fem omfar, og så til slutt ei einsleg torve på toppen-.
Det såg ut som små hus bortover marka, kanskje derfor namnet, husing. Kunne mine barnebarn eller oldebarn få sett meg i dette arbeidet, hadde dei visseleg trudd at dette var ein leik.
Men denne dagen hadde fleire minne. Etter ferdig husing tok eg på heimveg, og då kom ein mann som hadde husa torv i Kaldholmyrane, - og vi heldt lag. Det var 80 år gamle Sørnelias (1864 – 1953), ein ungkar med leiligheit i Gamlestova heime på garden, nær og kjend.
Det var mange grindar på veien i Berget den tida. Då vi stansa opp ved ei grind, peika Sørnelias mot skrånina frå Melshornet til elva, med røsslyngen, Helgegjerde, Steinbakkelegene, Bondebakken. Så slo han ut med hendene og sa: ”Kunne du tenke deg, pløge opp dette å lage fleire fine gardar?”
 
Inntaking.
Når det husa torvet var turt nok, måtte det inntakast. Til dette skulle trillene igjen nyttast, og i torvløa fanst karm til å setje på trille. Det var berre å plukke torvet opp i karmen og køyre det inn i løa. Første lassa kunne tippast av, men det varte ikkje lenge før kanten (fronten) måtte løast øpp.
Så sto det første ladet der, det var berre å gå løs på neste. Plukke oppi og plukke ut or karmen.
Passa det med tid og tilhøve, vart torvet stundom køyrt frå husinga på holen til vedhuset heime. Jobrekkane låg lagleg til for det, der eldsteguten vart lova fem øre hestelasset, Med huslyd og kårfolk, måtte det mykje brenntorv til, så det vart heile tjuge lass å køyre for guten. Men då fekk han utbetalt ei heil krone. Endå idag, når guten har passert nitti, minnest han kjensle av rikdom med den blank krone i handa.
Likevel var det mest haust og vinters tid at torvet vart køyrt heim til vedhuset. Det var med hest og hjulslede, der torvkarmen passa til kista, vedakarmen vart han også kalla. Kom det snø og vinterføre måtte sleden med meiar takast fram, og ein karm vart sett på den, passande til vedakarmen.
Nokre frå ytre og øvre Hareid hadde torvstykke sitt på søre kant av Grimstadvaatnet, For å korte vegen nytta dei det islagde vatnet som transportveg. Var det berre vegar, vart hjulsleden nytta, på snøføre gjekk det på meiar. Men hesten fekk ikkje fylje over isen, han stod bunden til eit tre, med øyksmatsekken over hovudet. Transporten over vatnet, med mange unge skeiseløparar rundt om, var reint ei oppleving. Hjulkjerra hadde små treskeiser på sjekene under overfarta, med sleden og meiar var det enklare og kjekkare, og fleire med skeiser fekk skuva på.
 
Når vart det slutt med torv og torvspaing?
Kanskje vanskeleg å svare på, men første åra etter krigen minka det av. Kol og koks vart å få tak i, og felles tilkøyring kan eg minnast, på grunn av sekkane som var sette av ved husvære, langs vegen desse åra. Kraftstasjonen i Nessetelva stod ferdig i 1947, og tida med «skipspære» var forbi. Elektrisk komfyr og varmeomn kunne meir nyttast. Betre økonomi må og nemnast, kanskje også fast arbeid, og då med meir leigd hjelp til spading nokre år.
Men bruk av brenntorv hadde vorte ein del av vanen og miljøet, så det er fleire som kan fortelje om torvspaing utover heile femtiåra.
Johannes Hareide (Pål-Johannes) fortel at han fekk bøn frå mor si, om han kunne kome heim å spa torv, og saman med søstre vart det gjordt, - torvløa vart fyllt, men, la han til, dette var i 1956 og absolutt siste torvet i Pålgarden.
To brukarar veit vi henta torv frå løa på myrane etter 1960, om dette var restar frå tidlegare, eller utspadd torv i desse åra, er uvist.
Ei torvspading eg minnast var i 1944, - grunnen til dette var ei lita prette vi var ute for. Erling H. Grimstad trilla, og eg spadde. Dagen var svært varm, og vi vart samde om bading i Grimstadvatnet etter middagsykta. På veg mot vatnet fann Erling ei høvleg tue til å legge frå seg kleda, eg la dei på ein stein ved vatnet. Når vi hadde bada og turka oss i sola, oppdaga vi at kleda til Erling var borte. Krøtter, tenkte vi på veg mot torvløa.
Erling var splitters naken så vi fann ein gamal, og alt for stor kjeldress til han. Men med litt opprulla buksebein gjekk det. Eit stykke frå oss var to Grimstadjente, Mossi og Margot, i sving som trillarar. Når vi tok til på nytt i arbeidet viste dei så stor interesse for oss at ein mistanken kom. Ein tur til dei gav resultat, for kleda var funne i torvladet, - men det gjekk ei stund. Dei torde ikkje tilstå noke til å begynne med. Spadaren, eg, var så eitrande sint at dei trekte seg.
 
Moldkøyring.
Køyring av mold frå myra til tørkeplass, og seinare til gjødselkjellaren, var den tida eit nødvendigt foretak på ein gard, Dette for å dryge naturgjødselen og binde landet (urinen). Som gutunge besøkte eg ein kamerat som stod i gjødselkjellaren, - Det var vår og utkøring av gjødsel, og i den rette kanten inne i kjellaren teikna seg tydleg langsgåande merke etter gjødsel og mold, - like tjukke og like beine. Det var faktisk fint å sjå, og er naturleg nok årsak til minne, Men det fortel også om nøysemnd og verdisetjing av mold som gjødseltilskot.
Men kunstgjødsel og landkummar kom, - siste gong eg køyrde mold frå myra til tørkeplass, var i 1944. Det var med moldslede og merra Lyda mellom skjækerne. På myra leste eg opp mold, og regelen var, at antan det var mold eller myr som vart utteke, skulle det ligge att nok mold til seinare dyrking. Avlessinga var enkel, ei skåk vart løyst frå tverrdraget, så sleden kunne veltast. Ein staur som stod på tørkeplassen, vart sett inn mellom meiane og med den vart moldsleden kolva til sides og tømd. Tørkeplassen låg ofte på leigd eller avtalt grunn, i løpet av vinteren vart så molda køyrt til gjødselkjellar eller kompostplass.
Her må eg smette inn ei stor takk til Endre Hareide, for gode og verdifulle opplysninga frå ein som sjølv var med på denne i dei tider.  

Vassrett torvspading i 1996

Har følgt med i innlegga om torvspading den siste tida. Hugsar at eg var med far min i Kvitholen og spadde torv ca 1960, eg var så ung då at det var ikkje mykje eg spadde, men fekk no prøve. Det må ha vore eit av siste åra vi spadde torv i det heile.  
Det har blitt spekulert på kva tid det sist vart spadd torv her på øya. Eg kom over nokre bilete tatt ved min svigerfar si hytte på Skeidsnakken, der underteikna med familie spar torv for bruk i hytteovnen.
Dette var sommaren 1996. Trur dette var siste året det vart spadd der oppe.
Hugsar at svigerfar Gudmund kommenterte at eg spadde vassrett,og ikkje loddrett som han var vand med.
Horisontal spading eller skjering var heilt vanleg i Kvitholen der eg lærte det - og i følgje mor mi, så var det vanleg på Bigset også.
Har ein teori om at det kanskje kom av at der var tjukkare torvlag enn oppe i høgda, og at ein dermed fekk djupare torvhòler som gjorde det vanskeleg å spa loddrett?
Rune Røyset
(Vikebladet Vestposten  31/3 2009)
Andre opplysningar

Historia om torvspading i Hareid Kommune
av Gunnar Øvrelid

Dette er eit forsøk fra meg, ein av dei siste i den siste generasjonen i Hareid kommune som fikk være med på denne attåt næringa som bøndene nytta seg av, for å skaffe brendsel til vinteren. Mange i Hareid vel tenkt tanken at: Det var synd dette ikkje vart ned nedskrive, og teke vare på ---! Eg sat ein dag og tenkte at det er vel best at eg gjer det sjølv, og kjem igang medan der ennå lever nokon att av "gamlekarane", som kan fortelje litt. Så gjekk det brått opp for meg at eg sjølv er ein av desse "gamlekarane" ---! Men lat no det ligge, eg treng tida eg har att!  

Det var ikkje alle som hadde tilgang til skog til ved den gongen. Når eg snakker om den gangen,
så kan eg vel tidfeste det med årstalet fra eit kart over torvparseller i Hareidsmyrane utstedt av: SØNDMØRE FOGDERI ROMSDALS AMT Opmaalt Aar 1881 af, -- så klarer eg ikkje å tyde det lenger. Det er målsett med: alen og oppgjeve bruksnr. på kvar enkelt parsell. Dette skulle gi ein peikepinn på at det ein stad på midten av 1800 og utover har vore regulert torvdrift her ute på øyane. Dette var ein vanlig form for vedauk som gjekk føre seg der det var vått myrlent terreng (vassjuk jord) med stilleståande, oksygenfattig vatn og kalkfattig jord. Dette kunne førekome heilt frå sjøen og langt til fjells. Dette har, etter Snorre sin saga, vore praktisert sidan vikingtida og før det. Føresetninga for ei god torvmyr var at det var vassfylt, oksygenfattig og sur myrjord (humus). Dette gjorde at planterestane vart godt konservert/bevarte slik at det brennbare materialet ikke var gått i oppløysing. Der var myrområder der det var berre mosetorv, som dei kalla. Dette vart rekna som den dårligaste torven. Den støva forferdelig og gav lite varme. Den beste torven var den som var ispedd mykje røtter. gjerne og helst tyrirøter, den brann best og gav beste varmen fordi disse rotkvastane var kvaefylde. Så står ein då straks med spørsmålet: Kvar kom tyrirøttene frå, her som var så skoglaust att ein måtte grave i myra for å finne brenne? Dette er ei anna historie som eg etterkvart skal prøve å gi ei forklaring på. 

Garsbruka den gangen dreiv mykje med sauehald. Også resten av husdyra som kyr og hest når den ikkje var i arbeid på garden, og likeins kalv, gjekk på lausdrift. Dette vil sei at dyra vart gjette på utmarksområder, eller dei var innegjerda. Så, istaden for å hente kyrne heim til mjølking, måtte bøndene sjølve, eller helst kona eller tenestejenta gå til fjells for å mjølke, for så å bere mjølka til gards på ryggen, morgen og kveld. Dette forårsaka ei nedbeiting i naturen som gjorde at dyra, og då spesielt sauene, tok nyskota av lauvskogen. Dei likte spesielt bjørk og rogn, og like eins hassel og selje, berre den ikkje var blitt for stor. Dette gjorde at det stod att ein del hassel som også blei brukt til attåtnæring, ved at enkelte plukka netene på hausten, og selde dei til handelsmannen og fekk ein liten slant for det også, i ei ellers slunken husholdningskasse. Dette gjorde at bjørkeskog og ellers lauvskog ikkje fikk vekse opp, bortsett fra årerunnja og dels ein del store årestammer, i ordbøkene kalla ( OR). Den blei rekna for dårlegare ved fordi den trengde så lang tørketid. Men under krigen gjekk det mykje av den også, til bruk i gassgeneratorer på bilane under bensin-rasjoneringa. Osp, ask og rogn var det for lite av. Dessuten var rogn å regne som eit heilagt tre fra vikingtida. Det hadde mystiske krefter, trudde dei. Dette er nedfelt i gamle skogfellings papirer den dag i dag, der det er pålegg om å late rognen stå. Alle disse tinga til samen, førte så til att det vart vedmangel rundt omkring. Dei som hadde ved på sin eigedom, meir en dei sjølve nytta, måtte ofte avsjå ein del til dei som ikkje hadde, og vise versa når det galt torvjord. Men bonden som måtte avsjå veden, fekk bestemme kva tre som kunne takast og likeeins eit tidsrom då dette måtte vere avvirka.

Så til dette med tyrirøtene som blei funne i myra, i dels store mengder. Dei som har gått ein del på snaufjellet har mang ein gang undra seg når ein såg store røter stikke opp av myrene der. Historia seier at fram til 1600-talet var store deler av det europeiske fastland, dekt av
beinvokst, høg fureskog. Så begynte Holland å sjå moglegheitene i denne skogen, til å forsterke og utvide dikene sine mot havet. Dette utvikla seg til ei vetlaus snauhogging av heile store landområder. Dette må igjen ha ført til store øydeleggingar med jordras, oversvømmelser og jord- erosjon og dertil danning av store myrområder. Desse myrområda var den gangen ubrukelege til dyrking på grunn av vassinhaldet og surheitsgrada i jordsmonnet og blei difor liggende ”brakk”som det heiter.


I andre land, eg kan her nemne Danmark, England, slettelandet i Irland, Scotland og Wales og for alt eg veit, også andre stader blei denne torvspadinga også brukt. Der gjekk den føre seg mykje meir industrielt, både i utførelse, metodar og kvantitet av det som vart teke ut. Russland hadde det største uttaket og eksporten, og i England vart det brukt torvfyring til og med i kraftverk før kolet kom. Her på berget var det mest Vestlandet og ein del nordover Nordland og Finnmark der eg finner nedtegna små epistlar om torvspading. Nordmørsøya Smøla veit eg også hadde ein tradisjon med dette. Det er dårlig historisk skikkeleg oppteikning gjort, av både foranledning til dette, metoder, eller betydning i lokalmiljøet av torvspadinga . Enkelte små a4 ark historier, og ikkje meir. Eg har leita både her og der,men det er grese med historikk nedteikna om denne delen av kystnorge si kvardagshistorie. Eg har begynt å lage to torvspader, litt etter hukommelse og litt etter fotografi. Likeeins torvstikka, og eg skal også prøve meg på den spesielle pumpa som vart brukt der dei ikke greide å drenere torvhola skikkelig skikkelig for vatn. Og for ikkje å gløyme torvtrilla, den viktigaste transportmetoden dei hadde under arbeidet. Dei hadde gjerne to til tre stykker. Den eine stod klar til å fyllast på, medan den andre blei trilla ut og torven lagde til tørk i lyngen. Kvifor eg vil ta arbeidet med å lage det? Det spør kona etter også! For det første er det interesant, for det andre er det greit å ha kjent arbeidet i hendene også, og ikkje berre skrive. Sist, men ikkje minst, er jantelova svært levande her på Vestlandet. Eksempel: Kva er det han pratar om? Han har vel aldri laga ei torvspade i sine dagar! osv. No kan eg sei at: Jau eg har det! Også den,evindelege, mest destruktive setninga eg veit, som er så utbreidt, og har teke motet frå så mang ein nytenkjar, nyskaper: JA MEN, DITTA JORDE OSS ALDRIG SLIK FØR !? Eller berre ordet: jamen! Totalt tiltaksdrepande! Men nok om det.  

Heile prosessen blei starta ved at gard nr det eller det , br,nr sånn eller slik fekk tildelt ein parsell
av torvmyr til utnytting. Merk att dette ikkje galdt eigedom til grunnen, berre den torva ein kunne  
ta ut av stykket/parsellen. Deretter stod neste arbeid føre. Det var å finne ut kva veg grunnen i stykket halla slik at ein kunne få frå seg vatnet på beste måte, uten å fylle torvhola til naboen. Dette var ein uskreven regel som ikkje alle tok så alvorleg, berre det ikkje gjekk utover dei sjølve! Dette etter uttalelse fra dei som huskar slikt betre en eg. Eg var ikkje så gamal!!

Så var det arbeidet med å grøfte der det var nødvendig. Etter dette skulle lyng og mose fjernast og
likeeins øverste laget av jord som frosten hadde smuldra opp. Dette jordlaget blei av nokre kasta til sides. Andre tok vare på den jorda og køyrde den heim eller i jordløer. Denne jorda hadde fleire nyttemål. Det var det ein kalla ”jomfruelig” jord. Den var fattig på næringsstoff slik at den vart i mange tilfeller køyrd heim og lagd i ein haug, enten under tak eller åpen himmel. Der den vart lagd under tak og turka, vart den brukt under dyra om vinteren. Dette førde til at jorda fekk tilført gjødsel frå husdyra. Resten av molda blei så hivd i dungar som vart brukte til utslagsplass til alt fra bleievatn, oppvaskvatn, nattpotter og andre ting som kunne ha gjødseleffekt. Dette
vart så seinare, tidleg på våren, brukt til å kaste ut over snøen på markane for at den skulle
smelte fortare og våronna kom tidlegare i gang. Mylding kalla dei det. I tillegg verka denne jorda fornyande på den gamle, ofte utarma jorda som var på småbruka her på Vestlandet. Det var porsjonen av jordbrukshistorie så langt.

No skal eg konsentrere meg meir om den brennbare sida ved saka!
Vidare blei så torvbenken utforma. Alle veit korleis ein benk i parken ser ut. Rett sete, rett rygg
og passe høgt for beina.Dette gir eit bra bilde av ein torvbenken også. Tenk deg så at du brukar
ein slags ”ostehøvel” om skjer breie strimlar av setet på benken, inn mot ryggstø, då har du ei torv-spade og ein torvbenk. Dette skal eg få vist seinare. Desse skivene, enkelte plassar kalla lomper, vart så lagd på trillebåra/torvtrilla og frakta eit stykke fra sjølve torvhola og lagde ut i lyngen til tørk. I denne samenhengen vart torvstikka brukt, for torvstykkja var så våte og lause att dei gjekk sund tekne med berre hendene. Men som eg sa tidlegare, var det ofte to eller tre trillebårer i sving, slik at det var ikkje lett arbeid for den som spadde. Han fekk køyrt seg! Dei yngste hadde enkelte plassar jobben: ”å sete atti”, d.v.s. passe på at trillebåra som kom tilbake tom, stod slik tilgjengeleg at han som spadde lett nådde tak i den. Etter kvart som ein spadde djupare i myra,vart også torven meir vassfyldt og tyngre å løfte Dette sleit mykje på den som spadde. Han skulle i tillegg no, prøve å halde vatnet unna. Neste dag starta ofte med å måtte tøme torvhola for vatn. Der det gjekk, vart det gravd ny grøft, og det var der det var for langt å grave at pumpa kom til nytte. Det var dei fleste som hadde ein parsell der "fallet" var bra og vatnet rann lett vekk med vanlig grøfting. Når så torven var spadd oppstod det ofte eit anna problem som måtte løysast. Ein del stader hadde gardane også beiterettar på, eller nær myra og dette kunne føre til problem med at kyrne kom og trakka sund den torven som låg til turk. Alle som har vore på ein gard, eller nær kyr, veit at dei er forferdeleg nyskjerrige på alt som er nytt.og ei vidde med torv til turk var noke nytt og uforståeleg som måtte undersøkjast og luktast på. Att dei trakka torven sund i same farta forstod dei ikkje. Så var det ei råd å sette hunden på dei å jage dei så langt undan som ein kunne, eller sjølv ta ran på dei. Det siste eg sa skal dokke få finne ut av sjølve! Det var ein del som fekk 
ødelagt ein del arbeid på denne måten. Når så torven var så turr og stiv at ein kunne ta den med hendene, vart den snudd og seinare "husa".

Det gjekk føre seg på den måten at ein la to torvskier parallelt med 15-20 cm mellomrom, og så to skier på tvers av dei igjen, då fekk du ein firkant: # omtrent slik. Så fortsette ein til "huset" var omtrent 0,80-1m høgt, og så ei skie midt oppå der. Slik såg myra ut som ei samling av små hus. Slik blei det liggande til det vart turt, eller det var så turt att det kunne køyrast i torvløene fordi ein ikkje skulle få det oppbløytt av regnet igjen.
Når ein hadde spadd ut eit felt, så vart det oftast spadd ned til leirgrunnen. Derfor var det pålagt den som fekk tildelt parsell, at det skulde vere att ei hvis mengde jord til seinare jordbruk. Såleis bleie ofte lyng og lausjord fylte ned att i torvhola. Dette var då den praktiske sida ved historia. No vil eg gå meir innpå korleis torvrettane var tildelte, og kva gardar det galt. Eg vil så langt som mogleg bruke gamle kart og utskiftingspapir. Først tek eg føre meg Hareidsmyrane der karta endå er tilgjengelege i kartoteket til Hareid kommune. Dei byrjar å bli litt falma, men fullt leselege. Eg takkar for hjelpa frå kommuna! Ellers har der vore utteke torv både på Ulsetmyrane søraust for fellesfjøsen på Ulset, Melshornmyrane over Pilskogane, Hjørungnesmyrane, myrane på Risneset, Kvitholmyrane, Hovdemyrane og Hareidsfjellsmyrane. Desse samnemner eg i eitt, fordi eg ikkje veit namnet på dei einskilde stadane der oppe.  

 

Additional Hints (Decrypt)

Uwøear uølg

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)



Return to the Top of the Page

Reviewer notes

Use this space to describe your geocache location, container, and how it's hidden to your reviewer. If you've made changes, tell the reviewer what changes you made. The more they know, the easier it is for them to publish your geocache. This note will not be visible to the public when your geocache is published.