Skip to Content

<

GPSjul18#4 - Julenissen

A cache by Pe-Hi Send Message to Owner Message this owner
Hidden : 11/09/2018
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size: other (other)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Nisse

Nisse (tuftefolk eller tomte, av tuft, omt = grunn som det er bygd hus på), i nordisk folketro eit overnaturligvesen som holdt til på eller ved en gard.

I norsk tradisjon finn vi ògså navn som tusse, gardvord, gardsbonde, tunkall, tuftekall, tunvord, rudkall, vergen og haugebonde. Navnene viser delvis til den som budde på og rådde over det jordstykket der garden var bygd, eller til den som opphavleg rydda garden og blei gravlagd i nærleiken av han. Forteljingane om nissen viser klare fellestrekk i skildringane av han. Nissen var ein kortvaksen gamal mannsperson som var kledd i gamle, grå vadmålsklede, knebukser, sid trøye og raud topplue. Han var lòden over heile kroppen og urimeleg sterk i høve til storleiken. Eit anna fellestrekk er skildringane av det lunefulle temperamentet til nissen. Han kunne vere venleg og omsorgsfull, men òg vondskapsfull, utspekulert og hissig. Ofte fortel segnene om nissar som barkar saman i slagsmål fordi ein av dei stel korn frå ein annan gard.

 

Nissen heldt gjerne til i fjøset eller stallen. Her stelte han husdyra og hadde ein spesiell omtanke for hestane. Derfor blir han gjerne framstilt som ein medhjelpar for menneska på garden. Nissen fôrar dyra, vaskar og ryddar, men er òg den som kan stelle i stand ugagn dersom han opplever seg urettferdig behandla. Når menneska behandla han med respekt, viste nissen respekt tilbake. Måtar å vise respekt på var å la ei seng i huset stå tom, slik at nissen kunne bruke henne, eller ein kunne setje ut ein rikeleg porsjon med graut med smørauge. I norsk folketru er nissen altså eit sosialt vesen og ein del av gardsfellesskapen, og han lever i meir eller mindre harmoni med menneska.

I norsk tradisjon blir opphavet til nissen forklart med bibelske referansar, særleg skapingsforteljinga. Felles for forteljingane er forklaringar på kvifor nissane har enda opp i ei verd som er parallell til menneskeverda, dømde til eit liv i skuggen. Ei forklaring er at dei underjordiske er falne englar som har halde seg til Lucifer og dermed er blitt utstøytte. Den vanlegaste opphavsforteljinga handlar om borna til Adam og Eva. Ein dag såg Eva at Vårherre kom vandrande mot heimen deira, og ho skunda seg å stelle borna, slik at dei skulle møte han flidde og reine. Ho rakk ikkje å stelle alle, og dei ustelte gøymde ho derfor unna. Då Vårherre kom og fekk sjå borna, spurde han om dette var alle borna ho hadde. Eva svarte ja. Då sa han: «Det som er gøymt for Vårherre, skal vere gøymt også for mennesket.» Slik blei dei bortgøymde borna stamfedrane til dei underjordiske og på Guds befaling gjorde usynlege for menneska.

Innsamlinga av folkeminne på 1800-talet gjorde nissefiguren meir stereotyp. Gjennom litterære og biletlege framstillingar blir han særleg knytt til julefeiringa og blir tillagt eigenskapar i tråd med nasjonalromantiske idear om den norske folkesjela. Julekortillustrasjonane som blei populære i Noreg i 1880-åra, har sin del av æra for at nissen først og fremst er blitt ein julenisse, sjølv om han aldri har konkurrert med den meir storvaksne julenissen om gåveutdelinga.

Wilhelm Larsen teikna det første norske nissekortet i 1883. Her framstilte han ein smilande nisse som ønskjer alle «glædelig jul». Den skøyaraktige nissen er likevel til stades, for i handa har nissen ein ferdiglaga snøball som han er klar til å kaste.

 

Kilder

Universitetet i Bergen.

Olav Bø: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo 1987

Ørnulf Hodne: Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo 1995

Ørnulf Hodne: Norsk folketro. Oslo 1999

Ane Ohrvik: Nisser. Fra helgen til sinnatagg. Oslo 2004


Additional Hints (No hints available.)



Return to the Top of the Page

Reviewer notes

Use this space to describe your geocache location, container, and how it's hidden to your reviewer. If you've made changes, tell the reviewer what changes you made. The more they know, the easier it is for them to publish your geocache. This note will not be visible to the public when your geocache is published.