Dette er ein del av StorOslo XMAS adventskalender 2020!
Sjølve cachen er plassert eit stykke unna Kastesteinen då her ferdast veldig mykje folk.
Kastesteinen her ved løypa inn i Lillomarka er eit kjært merkemål mange av hos har lagt merke til, enten på veg ut på tur eller gode og slitne heim att frå ein dag i marka. Denne vegen er den Gamle Hadelandsveien og har vore bruka opp gjennom tidene av folk og dyr. Det var ikkje anna enn sti her tidlegare, så hestane bar alt på kløv på ryggen. Det var ikkje alltid trygt å ferdast gjennom skogen. Ikkje berre var det røverar langs vegane, men jammen måtte ein ikkje sjå seg om etter tussar og troll også. Ikkje unaturleg at folk ønska seg hell og lukke på turen, og det gjorde dei ved å kaste steinar eller pinnar oppå nettopp denne kastesteinen.