Tida rundt år 1000 representerer overgangen mellom førkristne religionar og kristendomen, og dermed også overgange mellom det førkristne midtvintersblotet og den kristne jolafeiringa. Vårt ord Jul/Jol er faktisk ein arv frå Midtvintersblotet, Jolablotet.
Utvalgte dager i desember 2020 vert det publisert cacher i Stubbar frå Snorre-serien med tema akkurat frå denne overgangen. Desse cachane er tenkt som park&grab-cacher, som kan loggast etter kvart som dei kjem ut, eller som ein relativt logisk køyretur/sykkeltur når advent er over.
Dagens stubb har ikkje direkte med jula å gjera, men er likevel ein del av soga om tidlege kristne kongar
Frå soga om Halvdan Svarte
Håkon den gode vart langt på veg nøydt til å gje opp sine kristne ideal og ambisjonar for å behalda kongemakta. Ut frå det som Snorre fortel om då han døydde verkar det som om han skjølv følte han hadde svikta.
I året 961 kom gunnhildsønen tilbake i nok eit forsøk på å ta over Noreg. Nok ein gong tapte dei og må tte trekka seg tilbake etter slaget ved Fitjar. Men dei vann til slutt likevel, for kong Håkon var alvorleg såra mot slutten av slaget.
Frå soga om Håkon den Gode
Kong Håkon gjekk ut på skipet og let binda om såret sitt; men det rann så mykje blod ut at dei fekk ikkje stilt det. Og da det lei på dagen, veikna kongen. Han sa da at han ville fara nord til garden sin på Ålrekstad. Men da dei kom nord til Håkonshella, la dei til der, og da var kongen nær på død. Han kalla til seg venene sine, og sa dei korleis han ville ha det ordna med riket. Han hadde ikkje fleire barn en ei dotter, som heitte Tora, og ingen son. Han bad dei da sende bod til Eiriksønene at dei skulle vere kongar over landet, og han bad dei vera gode mot venen og frendane hans. "Men enda om det skulle vere så laga at eg får leve lenger" seier han, "så vil eg fare frå landet til kristne menn og bøte det som eg har forbrote mot Gud. Men om eg døyr her i heidenskapen, så skal de jorde meg som de sjølve synest."
Litt etter døydde kong Håkon der på hella, der han var fødd. Dei sørgde så mykje over kong Håkon at dei gret, både vener og uvener, da han døydde, og dei sa at så god konge kom det visst aldri meir i Noreg. Venene hans flytte liket nord til Seim i Nordhordland og kasta i hop ein stor haug der og la kongen inni, fullt vvæpna og i den beste kledebunaden, men utan anna gods. Dei tala over grava hans, slik det var skikk hos heidningar, og viste han til Valhall. Øyvind Skaldespille dikta eit kvede om korleis kong Håkon fall og korleis han vart motteken i Vallhal. Det heiter Håkonarmål.
Her siterer Snore fleire sider med vers, eg nøyer meg med det siste :

Døyr fe,
døyr frendar,
i øyde blir landet lagt;
sidan Håkon for
til heidne gudar,
blir folket mykt med makt
Illustrasjon:Håkon den gode rir over Gjallarbru. Broderi av CO si oldemor, etter motiv av Gerhard Munthe
Oppgåve
No vil eg vita kva tre hovdingar som styrde landet etter at Håkon den gode fall.
- Ein av Eirksønene vert rekna som den fremste av brørne. Kva heitte han? navn tilnavn (Eirikson er sjølvsagt eit mogleg tilnavn, men det er ikkje det eg er ute etter.)
- Ein jarl klarte å konspirera slik at kongen i punkt 1 vart drepen, og jarlen kunna sitta på Lade og styra som jarl under danskekongen. Kva heitte denne jarlen, berre navnet, ingen tilnavn eller tittel.
- Jarlen i punkt 2 vart drepen av trællen sin då ein kongsson som hadde flykta frå landet då han var årsgamal vendte tilbake for å ta kongemakta. Kva heitte denne kongssonen? Berre navnet, ikkje tilnavn
Svar på forma
NAVN1 TILNAVN1 NAVN2 NAVN3

Du kan gje svaret tilcertitude.