Hitlertennene Traditional Geocache
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:  (small)
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Det er nok mange som har køyrt riksveg 44 over Brusand og undra seg over steinane og betong-klossane langs vegen. Sidan krigens dagar har “Hitlertennene” stått som minnesmerke om den tyske krigsmakta sin aktivitet i området.
Desse tanksperringane som tyskarane let byggja for å stå imot ein eventuell alliert
invasjon, er framleis lett synlege mellom Varden og Holmestø.
Herifrå bygde dei steingard og grov ei djup og brei grøft vestover Kvalbein.
På utsida la dei miner i tusental.
I utmarka på Kvalbein er spora etter minebeltet godt synlege.
Steinblokkene vart henta i steinbrotet i Varden og transporterte på jernbanevagger.
Men her er og støypte blokker.
Det var rundt årsskiftet 1942/43 at den “nasjonale arbeidsinnsatsen” på Brusand tok til.
Hundrevis av mann frå Stavanger til Eigersund vart utskrivne til tvangsarbeidet,
kommanderte ut med hakke og spade, eller hest og kjerre.
Dei fleste vart skrivne ut for seks veker, men for mange vart det til eit par år.
Arbeidsløna var kr.1,60 pr time i førstninga. I tillegg fekk ein 10 øre timen
for kvart reiskap. Arbeidsdagen var jamt over 10 timar.
Arbeidet var hardt, og klede og sko var ofte dårlege.
Det hende nok at arbeidet vart sabotert.
Det vert fortalt at vaksne karar drog same steinen fram og tilbake på slede i fleire dagar.
Den militære verdien av tanksperringane vart også trekt i tvil.
Mange meinte nok at arbeidet først og fremst vart brukt som eit middel for å ha
kontroll med potensielt “farlege” rogalendingar.
Det ser ikkje ut for at forsvarsverket nokon gong vart sett på prøve,
men krigshendingar i området sette andre spor etter seg:
I oktober 1942 styrta eit Halifax-fly ved Helleren i Eigersund.
Flyet kom frå England og var eigentleg på veg til sabotasjeoppdrag i Polen,
men kom ut av kurs. Dei ti omkomne polakkane vart gravlagde i sanden på Brusand.
19. november same år letta to nye Halifaxar i Skottland.
På slep hadde dei kvart sitt Horsa MK1-glidefly.
Operasjon “Freshman” var sett i gang - ein sabotasjeaksjon mot tungtvassanlegget på Vemork.
Flya kom ut for sterkt uver, tett skodde og forrykande snødrev,
med nedising av slepetrosser og flyvinger.
Eit av desse dobbeltflya, som då hadde gjort vendereis mot Skottland,
kom inn over Helleland i Dalane. Det hadde mista høgde, og festet til glidaren losna.
Alle i Halifaxen omkom under styrten,
medan 14 av 17 kommandosoldatar ombord i glideflyet sensasjonelt overlevde - inntil vidare.
Einaste utveg var å overgje seg til tyskarane. Alle vart avretta ved skyting.
17 lik vart pakka i presenningar, køyrde til Ogna,
og lagde i massegrav i sanddynene ved Varden.
To og eit halvt år etter, ved krigsslutt i 1945 vart lika gravde opp att.
27 utanlandske krigsheltar skulle snart få sine verdige gravstader.
Many who have driven Rv. 44 over Brusand have marvelled at the rocks and concrete blocks along the road.
Since the war "Hitler's teeth" has stood as a reminder of the German WW2 activity in the area.
These tank barriers that were build by the Germans to withstand a possible allied invasion, are still easily visible between Varden and Holmestø.
Stone blocks were retrieved in the quarry in Varden and transported on railroad sleds. There are also some cast blocks here.
It was around the turn of the year 1942/43 that the "national work effort" on Brusand began.
Hundreds of men from Stavanger to Eigersund were drafted to the work force, to do work with pick and shovel, or horse and cart. Most were drafted for six weeks, but for many it lasted up to a couple of years. Wages were NOK1, 60 per hour at first. The working day was more than 10 hours. The work was hard and the clothing and shoes were often poor.
The draftees frequently sabotaged the work. It is told that the older guys hauled the same stone back and forth on the sled for several days. The military value of the tankbarrier were also drawn into question. Many thought that the work were primarily used as a means to control potentially "dangerous" people from Rogaland.
The defences were never put to the test, but the war events set other traces in the area:
In October 1942 a Halifax aircraft crashed near Helleren in Eigersund. The aircraft came from England and was on route to sabotage missions in Poland, but came out of course. The ten deceased Poles were buried in the sand at Brusand.
19. November two new Halifax aircrafts set off from Scotland. In tow, they had MK1 Horsa-glider planes. Operation Freshman was set in motion - a sabotage against the heavy water plant at Vemork. The planes hit a strong storm, dense fog and raging snow, with heavy icing of towing cables and flights. One of these dual aircrafts, which then had turned back towards Scotland, came in over Helleland in Dalane. It had lost height, and the glider got detached as the plane went down. Everyone in the Halifax was killed during the crash, while 14 of 17 commandos on board the glider sensationally survived – for a short while. The only way out was to surrender to the Germans. Once in the hand of the Germans, all of the survivors from the crash were executed by firing squad. 17 dead bodies were then wrapped in tarpaulins, driven to Ogna, and put in a mass grave in the sand dunes at Varden. Two and a half years later, when the war ended in 1945, the bodies were dug up again, and 27 foreign war heroes soon got worthy graves.
Opprinnelig cache innhold: FTF sertifikat, loggbok, blyanter og blyanspisser, lekebiler, en liten frosk og TB Rogalammet
Original cache contents: FTF certificat, logg, pencils and sharpener, toy cars, a small frog and TB Rogalammet
Parkering: Offentlig parkeringsplass ved Fv.44
eller med tog til /by train to: Brusand stasjon
Fuglar / Birds / Vögel
Sommarstid er det ein del fuglar som har reir i området ut mot sjøen. Cachen ligg så nære traffikert veg at det er liten fare for å forstyrre fuglane. Dette er ikkje eit fuglefredningsområde.
In summertime there are birds nesting in the area facing the sea. The cache is located very close to road with heavy traffic. It is not likely to disturb the birds. This is not a bird conservation area It is not prohibited to walk along the teeth.
Im Sommer gibt es Vögel nisten in der Region direkt am Meer. Der Cache ist sehr nah an Straßen mit hohem Verkehrsaufkommen entfernt. Es ist nicht wahrscheinlich, um die Vögel zu stören. Dies ist nicht ein Vogelschutzgebiet. Es is nicht verboten zu Fuß entlang der Zähne.
Additional Hints
(Decrypt)
Haqre rvareohfx vaagvy yvgn gnaa / Haqre whavcre ohfu arkg gb fznyy gbbgu