Skip to Content

View Geocache Log

Found it ravsig found Kalvatjørna (AdVest 2013 #9)

Monday, 09 December 2013Rogaland, Norway

Klokka er mørkt,
stien går over tjelvå.
Så traktorveg, blaut traktorveg.
Svart veg med kvit kant, snø.

Grind, to, tre, opp og att.
To bjørnar ligg og søv,
i kvart sitt hjulspor.
Nei, det var to podlar.

Stilt, øredøvande stilt, nei,
ein sau skrik, rop i nattå.
Ingen svar, sauahonnen
har lagt seg, bryr seg ikkje.

Litt opp, ned, meir opp,
høge skyggar, lita lykt.
Sløv lykt, battari...
er fint å ha. Ingen i lommå.

Flaks, reservelykt. Skyggane
klarare, ulven ular utan lyd.
Av vegen, ut i utmarkå,
stor nistestein, ingen matpakke.

Sprekk, einar, steinar,
Nøgd cache, ny gjest.
Hatt mange allereie, men
ein til kan den klare, glede.

Tjørn, ingen kalva,
fint, svart natur, stille.
Tankar, kva no,
gå tilbake, mot alt.

Møte, det som tel.
Møte med to ukjente, ivrige.
Godt, la dei gå,
cachen klar for meir.

Takk for cachen,
takk for stille natur,
takk for opplevinga,
takk til ertene.

infoThis is the original cache type consisting, at a bare minimum, a container and a log book. Normally you'll find a tupperware container, ammo box, or bucket filled with goodies, or smaller container ("micro cache") too small to contain items except for a log book. The coordinates listed on the traditional cache page is the exact location for the cache.
Visit Another Listing:

Advertising with Us

Return to the Top of the Page