Skip to Content

View Geocache Log

Found it Indrebø found A Midsummer Night's Dream

Friday, 11 January 2013Oslo, Norway

[size=5][b]Ei cacheoppleving[/b][/size]

[i]Underteikna, ein ivrig men akk so fersk cache-sankar[/i]
[i]Kollegaen, ein lang meir erfaren cache-sankar[/i]

[b]Akt I: Har du sett denne?[/b]
[b]Scene I: På kontoret[/b]
Kollegaen: Sjå på den cachen her? Vi løyste den og fant den i går?
Underteikna: Nei det der forstår eg ikkje noko av!
Kollegaen: Du får lese litt om xxxxx så tenkjer eg at du vært klokare!

[b]Scene II: Fortsatt kontoret, ei stund etterpå[/b]
Underteikna: Å, eg trur eg veit kva som skal til for å løyse denne.
Kollegaen: Lukke til!

[b]Akt II: Skal eg ta ein titt på denne?[/b]
[b]Scene I: I heimen, fjorten månader seinare [/b]
Underteikna: Google! Google! Jaha!
Underteikna: Nei det her nyttar ikkje, eg for lage mitt eige verktøy for å løyse denne.

[b]Scene II: I heimen, ein drøy time etterpå [/b]
Underteikna: Nei dette her blir for masse jobb.
Underteikna: Her trur eg at eg må forsøke å løyse den for hand!

[b]Akt III: No skal løysinga fram[/b]
[b]Scene I: Forsatt i heimen, tidlig ei morgon[/b]
Underteikna: Først får eg lese instruksjonane og lage ei oversikt over reglane.

[b]Scene II: Forsatt i heimen, ikkje fullt så tidleg på morgonen lengre[/b]

[b]Akt IV: Ti dagar har gått og underteikna finn igjen notatane frå forrige akt[/b]
[b]Scene I: Mens underteikna ventar på korps-øving[/b]
Underteikna: Skal vi sjå! Her blir det sånn, og sidan det her står slik vert resulatet dette...

[b]Scene II: Tilbake i heimen, og ein ny måte å løyse oppgava på skal prøvast![/b]
Underteikna: Knaste! Taste! Knaste!
Underteikna: Klipp og lim! Lim og klipp!
Underteikna: Det her ser svært så lovande ut etter at dei to første opplysningane vart avdekka.

[b]Scene III: Underteikna forsetter å løyse oppgåva, og fniser for seg skjølv etter kvart som opplysningane kjem fram![/b]
Underteikna: Ja, der var dei. So vanskeleg var det no ikkje likevel.
Underteikna: Den plasseringa verkar å være riktig!

[b]Akt V: Knappe seks timar seinare, klokka svært så tidleg på morgonen (nokre vil hevde at det fortsatt er natta)[/b]
[b]Scene I: Reisa, forventningane, leitinga og den store skuffinga[/b]
Underteikna: Nei, ikkje her.
Underteikna: Nei, ikkje her heller!
Underteikna: Heller ikkje her!!
Underteikna: Nei no altså, her må det være noko gale!

[b]Scene II: På jobben ein drøy time seinare[/b]
Underteikna: Du, kan du ta ein titt på disse koordinatane? Kan det stemme?
Kollegaen: Nei, det der ser ikkje heilt riktig ut. Du er for lang sør.
Underteikna: Javel. Eg får sjekke notatane mine litt.
Underteikna: Nei har du sett! Eg har visst oversett ein replikk. Skal vi sjå!
Underteikna: Kva med dette då?
Kollegaen: Ja, det der ser betre ut!

[b]Scene III: På vei til cachen etter ein kort arbeidsdag[/b]
Underteikna: Du store tordivel! Her var han jammen.
Underteikna: Då gjenstår det berre å takke for ei framifrå cache-oppleving!

infoA Mystery Cache is the “catch-all” of cache types, this form of cache can involve complicated puzzles you will first need to solve to determine the coordinates. The only commonality of this cache type is that the coordinates listed are not of the actual cache location but a general reference point, such as a nearby parking location. Due to the increasing creativity of geocaching this becomes the staging ground for new and unique challenges.
Visit Another Listing:

Advertising with Us

Return to the Top of the Page