Skip to Content

View Geocache Log

Found it ravsig found Timefeltet (AdVest 2013 #03)

Tuesday, 03 December 2013Rogaland, Norway

Då denne tikka inn ca 10:40 i dag, passa det like godt som at oppvaskemaskinen i går kveld bestemte seg for å streike etter 10-12 år med oppvask....

Planen i dag var då tenkt slik at cachen skulle koma i ca tritiå, så heime stod sko etter føreforhold (o-sko, støvlar, joggesko) og cacheutstyr klar rett innafor døra - men dette gjekk jo i vasken! Bokstaveleg talt i oppvasken. Eg blei nemleg heller ståande med 57 tallerker, 43 glass og koppar, 132 bestikk, gryter og kar...Men kva er då betre med ein luftetur midt i oppvasken? Så mens bestikk fekk bløyda seg skikkeleg i varmt vatn (sjekk bilete ) - så stakk eg ein tur ut og bløyda meg i regnet

Eg har aldri heilt skjønt jaget om å få ftf. Det klarte eg jo nå lett og i roleg og greitt tempo! Fourth to find - no problem! Koseleg tur opp, blei stoppa av ei som ikkje fant vegen, fekk hjelpt ho fram, traff og slo følge med speiderguten til Kjellas8 - og dette tek ein seg ikkje tid til vanlegvis...seie dei som spring på ftf-jakt - men det gjorde eg - og likevel blei det som sagt ein soleklar ftf....

Cachen låg perfekt til for meg, det hjalp godt i fourth-to-find-jakta. 400 m frå huset og i kjent område. Fant den med ein gong - og nøgd kunna eg signera ein heilt tom fjerdeplass. Hadde med to stk TB som blei att - mens TB'en som låg der blei med meg vidare.

Når det omtalte Timefeltet kjem er me heldige - då kan me kosa oss med fleire bilar i timen rett ved huset vårt. Kjekt om me f.eks jaktar bilnummer, bilmerker eller bilfargar.....

Vel heime att venta oppvasken trufast - heldigvis ingen som hadde tatt den frå meg! Det er eigentleg kjekt å vaska opp - enkle arbeidsoppgåver og resultatet blir reint og synleg

Tusen takk til klatre3 for ein kjekke adventscache og for eit perfekt avbrekk i dag

oppvask
infoThis is the original cache type consisting, at a bare minimum, a container and a log book. Normally you'll find a tupperware container, ammo box, or bucket filled with goodies, or smaller container ("micro cache") too small to contain items except for a log book. The coordinates listed on the traditional cache page is the exact location for the cache.
Visit Another Listing:

Advertising with Us

Return to the Top of the Page