Skip to Content

View Geocache Log

Found it ertene found Skipsvraket (AdVest 2013 #4)

Wednesday, 04 December 2013Rogaland, Norway

#816
Ertemamma starta dagen med styrketrening i kjelleren hjå ei venninne. Då økta var ferdig og vi sto skravlande i gangen, plinga det i mobilen, og dagens Advest-cache var komen. Eg trengde ikkje søke cachen opp for å vite kva for område som var dagens mål - tittelen sa sitt. På veg til fots den vesle biten heimover gjekk tankane fram og tilbake: Dusje eller cache? Cache eller dusje? Ertene har ikkje mange FTF, men dei to Bjelle-cachane vi var dei første til å finne i sommar, gjorde at vi fekk kjenne på den gode kjensla det er å vere først. Den rusen er både fin og ikkje spesielt usunn, så eg bestemde meg for å gje gass. Vel heime måtte eg hive på meg ullklede over treningskleda. Deretter var det på med vind- og vanntette ytreklede før eg kunne setje meg i bilen.

Med meg bak rattet vert det sjeldan råkøyring, så både fartsgrenser og andre trafikkreglar vart haldne sjølv om eg kjende pulsen gjekk på veg nordover. Kunne det tenkjast at lefr var på same kommunale arrangement som ertepappa i dag, og dermed ville vere forhindra i FTF-jakta? Kva med Micro-John og Nærbø-gjengen? Svaret venta i Madland hamn. Der sto lefr-bilen med ein roleg lefr utanfor. Han rista på hovudet og smilte då eg kom. I tillegg sto endå ein bil, og ein rosa jakke for bortetter stranda. Sidan eg no likevel ikkje blei den første, tok eg meg tid til ein liten prat med lefr. Han var ikkje sikker, men trudde det kunne vere MsOtto som var på veg mot cachen. Sidan dei underste kleda var svettevåte, var det ikkje å anbefale å stå lenge stilt. Dermed for også eg etter ei lita stund av stad. Nesten framme møtte eg MsOtto som var på veg tilbake til bilen, og vi fekk ein ørliten prat. Gildt å helse på folk ein bare har sett i loggar tidlegare!

Cachen vart raskt framfunnen, og loggboka signert med ein medbrakt, dårleg penn. På veg mot bilen igjen gjekk det seint, sidan eg var både sliten og svolten. Men dermed fekk eg sett meg om, og kom fram til at her trengst både CITO- og lage-ny-gjerdeklyvar-event når vinterstormane er over.

Takk til bjelle for cachen! Fint at det kom ein cache her igjen!

infoThis is the original cache type consisting, at a bare minimum, a container and a log book. Normally you'll find a tupperware container, ammo box, or bucket filled with goodies, or smaller container ("micro cache") too small to contain items except for a log book. The coordinates listed on the traditional cache page is the exact location for the cache.
Visit Another Listing:

Advertising with Us

Return to the Top of the Page