Skip to content

Sima Kraftverk Traditional Cache

Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Sima Kraftverk





Eidfjord er ei bygd inst i Hardangerfjorden med omlag 1000 innbyggarar, omkransa av mektige fjell og fine dalføre. I botnen av ein av desse dalane, Simadalen, finn vi Sima Kraftverk. Der ligg administrasjon, kraftstasjon, settefiskanlegg og genbank. Reguleringsområdet er delt i to, Lang- Sima og Sy-Sima. Vatn frå begge områda renn ned til Sima kraftstasjon 700 m inne i fjellet, der ein har 2 aggregat for kvart område. Statkraft eig 65 % av Sima Kraftverk, resten er delt mellom Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap 26,25% og Sunnhordland Kraftlag 8,75%.
Produksjonsstyring, planlegging og overvaking av kraftstasjonane skjer frå driftssentralen i Sauda ca 100 km frå Eidfjord.

Sima kraftverk er eit av fem regionale informasjonssenter som Statkraft har. Her er det utstillingar og det vert synt fram film og multivisjons-program i tillegg til omvisning i kraftstasjonen. Frå medio juni til medio august er det omvisning kvar dag kl. 10.00, 12.00 og 14.00. I juli er det òg omvisning kl. 15.30.
Det er mogeleg å få omvisning til andre tider etter avtale.

For mer info: Statkraft
Park: N 60 29.957 E 007 08.477

Additional Hints (Decrypt)

Onx Fgrvazhe, 180 pz bire onxxra, onx fgrva Oruvaq fgbarjnyy, 180 pz nobir tebhaq. Oruvaq fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)