Parking Area at N62 06.116 E005 33.897 or at the Shopping Center.
From both locations follow the signs 'Gangveg til Gruva'
Original Content:
FTFC (First To Find Certificate) Awarded to olabirk 26 .
August 2007
Logbook and Pencil
Reflex figure
2 plastic figures
Coin
The Cache is hidden some 50-100 meters away from the Mine itself.
Background information: (English version at bottom)
Norsk:
I åra kring 1755 reiste Ole Alsing rundt på Sunnmøre, og kom til
Fiskå og såg jernet som sprengte seg ut av gråberget, og han fekk
tatt prøver og meinte det kunne være drivverdig. Han søkte om
mutingsbrev til Nordenfjeldske Berg Amt i Trondheim.
9 mai 1757 vart søknaden imøtekomen og han kunne starte opp med
gruvedrift i området.
Samme år kom det gruvearbeidarar fra Meldal kobberverk (Løkken
gruver og i nyare tid Orkla konsernet). Fagarbeidarar kom og frå
Røros Gruver.
17 april 1758 kom Ole Alsing i lag med gruveekspert Floor som
var inspektør ved Karl og Gustav Bergs kobberverk i Jemtland. Floor
hadde vore med å bygge opp dette kobberverket og vart halden for å
ha stor kunnskap om gruvedrift. Det vart minert og teke prøver
fleire stadar. Konkulusjonen var at det var mykje og rein jernmalm
i området som sprengte seg ut av gråberget, men han kunne ikkje
seie noko om kor mykje det var inne i fjellet. Etter som det var
utspring både på andre sida av fjellet i Søre Brandal og ut langs
fjorden ved Fluevågen skulle alt ligge til rette for ein god
forekomst.
Det vart då bestemt å konsentrere seg og bygge vidare på dette
området ”Grøthola”. Det var så henta inn ekspertar frå Köln i
Tyskland som var med å forme og bygge opp gruva, mellom anna la dei
til rette for drenering av vatnet, og dei kunne då etter deira
uttale drive gruva i 12 år utan problem med vatn.
Jernmalmen vart skipa ut med båt til Ole Alsing sitt smelteverk
i Osen ved Fannefjorden i Romsdalen der han hadde ein masomn, i
tillegg var det mangel på skog her i området.
Kor mykje som er skipa ut og kor lenge det var drift er noko
uklart, men ein trur det kan strekke seg fram mot 1780.
I følge kart som er teikna og skildringar av gruva, er sjakta
til inngangen omlag fire meter brei og seks meter djup. Inngangen
er rett aust for barnehagen, og sjølve gruva går nedover mot
Fiskåholmen. Gruvesjakta har ei helling på 45 grader innover i
fjellet, der det er om lag 300 meter med gongar. Dei har funne malm
som er magnetisk under gravearbeidet, dette er ein steinsort som
heiter magnetitt. Fiskåbygd har store førekomstar av jarn.
Konsentratet av jarn er så tett at to malmsteinar har blitt sveisa
i hop.
Gruva er for tida fyllt med vatn, men det vert jobba med å få
opna den for publikum.
English (Short version):
The old mine at Fiskå was funded by Ole Alsing in 1755, and
estimated in use until 1780. Nobody knows how much iron was
produced here, but the mine consists of about 300 meters of
tunnels. The mountains around the mine contain lots of iron and
magnetite, and some of the stones are even magnetic.
The mine is filled with water today, but they’re working on
making it available for the public.
Magnetic Stones