Skip to content

Stekka Traditional Cache

Hidden : 3/20/2008
Difficulty:
1 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Baathusmiljo

Stekka - oppgangssag, kvernhus og sjøbruksmiljø.
Nede ved fjorden på garden Berge i Tørrvikbygd liggsag Stekkavika. Her finn vi eit innhaldsrikt sjøbruksmiljø med naust og sjøhus som høyrer til gardane her nede og lengre opp mot fjellet. Til garden Berge høyrer også kvernhus og sirkelsag, verv for jektebygging og - litt oppe i skogen - den gamle vassdrivne oppgangssaga som vart bygd i 1823 og sett i stand i 1977.

Oppgangssaga i Stekka er ei av dei få sagane som er att av den einblada typen. Dette var nok ikkje den første i sitt slag i Tørrvikbygd. I skattemanntalet for 1603 finn vi fleire sager nemnde, mellom anna Drage sag som dette året skar 150 bord og plankar og Augastad sag som "ligger slett øde".

Då oppgangssagene kom i bruk på 1500-talet, revolusjonerte dei mellomalderens måte å økse til plankar og bord av tømmerstokkane. Då vart kvar tømmerstokk kløvd og kunne såleis berre gje to bord. Men med dei nye sagene kunne det skjerast mange bord av ein stokk.

Eikeskogen og landskapsvernområde.Landskapsvern
Ovenfor Stekka ligg den gamle eikeskogen med store stuvar og renningar. Her har det vore teke ut materialar til båtbygginga, til kjøl, stamn og lut. Mange av trea er fleire hundre år gamle og denne eikeskogen er ein sentral del av Berge landskapsvernområde. Området vart oppretta i 1984 og føremålet er å ta vare på eit område med eit særleg samansett og verdifullt natur- og kulturmiljø. Verneområde omfatter feire viktige delområde: Bergevatnet, som har ein interessant sumpvegetasjon med takrøyr og anna karakteristisk vegetasjon og eit rikt fugleliv, eikeskogen med gamle, styva eiketre og sjølve sjøbruksmiljøet med oppgangssaga nede ved fjorden i Stekka.

Vernereglane sikrar at det ikkje skjer vesentlege inngrep som kan endra landskapet sin karakter. Det er utarbeidt ein skjøtselplan for å verna og vedlikehalde landskapskvalitetane og det historiske miljøet. Eit framhald av den eldre tradisjonen på garden, med styving av eiketrea, er ein føresetnad i skjøtselsplanen. Dette vil ein sjå når ein vitjar området.

Detalj rot Stol Detalj2

Stekka - environment with sawmill and boat-housesMolle
Down by the fjord on the farm Berge you will find Stekkavika with boat-houses serving the surrounding farms. Furthermore the old mill and circular saw, the shipyard where they built small oak-boats and - up in the forest - the old sawmill. The sawmill was built in 1823 and restored in 1977.

Above Stekka lies the old oak forest. The material was used building boats. The trees are several hundred years old and the oak forest is a central part of Berge landscape protection area. The area was established in 1984 and the purpose was to protect the valuable nature- and cultural environment.

The protected area includes Bergevatnet and the interesting surrounding swamp, the oak forest and the old buildings in the forest and by the sea. The rules for the area secures against considerable encroachments changing the character of the landscape and the historical ground.



Additional Hints ()

Haqre fgbar/fgrva

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)

Advertising with Us