Skip to content

Tveito-Måbødalen Traditional Cache

Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Tveito - Måbødalen





Norsk

Her starter den berømte vegen fra Øvre Eidfjord, opp Måbødalen til Vøringsfossen/Fossatromme.
Vegane opp til fjells var bratte og vanskelege. Vegen opp Måbødalen til Sysendalen var den beinaste, men òg den vanskelegaste.  Først etter at vegen var opprusta, truleg etter offentleg oppdrag i 1780-åra, og det var kome bru over elva ved Måbø, vart denne vegen den mest brukte. Opprustingsarbeidet innebar m.a.  at det vart lagt over 1300 trappetrinn i stein, eit arbeid utført som pliktarbeid av oppsitjarane i Eidfjord sokn. Denne vegen har fått navnet Måbøgaldane.

Ettersom åra gjekk auka handelen og trafikken mellom aust og vest. Fleire og fleire turistar, men mest hallingdøler og numedøler som ville vestover for å driva handel, eller delta i fiske. Seinare auka og trafikken med buskap som skulle til og frå sommarbeite på stølane innover Hardangervidda. I Hardanger var ein ikkje så interessert i veg over Vidda, men ein ville gjerne ha betre veg til fjells. I 1829 er det arbeid på gang med ein veg mellom Vik (Nedre Eidfjord) og Storavatnet (Eidfjordvatnet), og lokale krefter i Eidfjord gjer ein førespurnad til den offentlege "Veibestyrelsen" om å vurdera veg til fjells gjennom Hjølmodalen istadenfor gjennom Måbødalen. Hovedargumenta er at vegen ikkje vert lenger, og at ein sparer alle bruene. Men planen vart nedstemt i det lokale Soknestyret. Dei meinte at Eidfjord alt hadde teke på seg nok offentleg vegarbeid, og sikta då til vegen mellom sjøen og vatnet, samt alle bruer og rasutsette vegstykke som soknet hadde ansvaret for. "Det er så visst ingen uvilje for vegarbeid her i soknet", skriv dei, men ein veg gjennom Hjølmodalen meiner dei vil vera til nytte kun for nokre få. Dessutan var det no rydda veg frå Kvamsdal (ved Eidfjordvatnet) og til fjells.

Så kom 1. verdskrigen i 1914, og all turisme låg nede i 4 år. Arbeidet med vidareføring av vegen i Måbødalen heldt likevel fram, og i 1915-16 vart vegen ferdigstillt opp til Fossatromme, på toppen av dalen, der Trolltoget har sin øvre stasjon i dag. Herifrå var det gang- og kløvveg opp til Fossli Hotel. Køyreveg til hotellet kom først i 1921.
Køyrevegen opp Måbødalen var den gong, og er framleis eit meisterverk i ingeniørkunst, med ein stigning på 1:12 der han går i fire høgder, den eine oppå den andre. Men det vart ein dyr veg, heile 34,- kroner pr. meter. Vegbana var 2,5 meter brei, på møteplassane 3,75 meter.


Kraftutbygging gjorde på 1970- og 1980-talet Eidfjord om til ein forholdsvis velståande kommune. Eit resultat av det var at arbeidet med den nye vegen kunne gjennomførast raskare enn opprinnelig tenkt, ved hjelp av forskotteringar frå kommunen.
I 1986 opna den nye vegen, og den gamle vart stengt for ordinær trafikk, etter å ha vore delvis ljos-regulert dei to foregåande åra. Gjennomgangstrafikken og spesielt tungtrafikken helsa den nye vegen velkomen, men mange turistar sakna den gamle.



Ta med egen blyant/bring your own pencil

English

Look here for info in english: Info



Additional Hints (Decrypt)

A:Fxvyg R:Fvta

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)