Skip to content

Bjønneskyttaren Traditional Cache

This cache has been archived.

TopFlop: This geocache is being retired due to low activity. Who cares? RIP.

More
Hidden : 10/17/2009
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:



Bjønneskyttaren Tarjei Nevahaug vart fødd på Byrte 18. august 1844.

Byrse hadde eg ynskt meg frå eg var liten, fortalte Bjønneskyttaren. Men då eg rødde med Far om byrse, berre bles han åt meg. ”Byrse du! Nei, du er nok for liten til de’ – konne skamskjote både deg og are. – Og så treng’e me so visst peningane ti are teng hell fillebyrsur. Ongar hev’ ikkji lov til å fara mæ sovori helle, veit du.”

Det var same leksa uppat kvar gong eg ymta om byrse. Fleire gonger prøva eg å samle pening sjølv, men Far var ofte i peningknipe, og så måtte han få dei til mat og klæde. Eg kunne ikkje seia nei, men eg kjende meg heller sår i hugen då eg gav pengane frå meg.

Året eg gjekk for presten, kom eg i teneste hjå skyldingen min, den kjende veidemannen og bjønneskyttaren Tarjei Haugo. Han hadde skoti mange bjønnar og anna vilt. På denne garden var folk svært snille med meg. Alt eg gjorde, totte dei godt om, so eg stortreivst der. Og her var det ikkje dauvleg om kveldane, for tidt og ofte fortalde Tarjei frå jaktlivet sitt. Han hadde ein eigen måte å fortelje på – alt vart so levande, ja, eg totte plent eg såg dyri han skildra. Då det var på det mest spenande, torde eg mest ikkje teva. Det gådde Tarjei, og då godblunka han til meg og smilte: ”Å jau, Tarjei, eg trur plent du vil bli ein bjønneskyttar’e, du au.” Bjønneskyttar ja, det var det gildaste ord eg høyrde. Då var det so det reint krisla i meg.

Utdrag frå boka ”Bjønneskyttaren”






Sjå bjønneskyttar i nærkamp

Additional Hints (Decrypt)

Uratre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)