Skip to content

Niels Henrik Abel Traditional Cache

Hidden : 4/4/2010
Difficulty:
1 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Related Web Page

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Dette er ein cache i nærleiken av bustaden til Niels Henrik Abel i Gjerstad, Aust-Agder.

Niels Henrik Abel



Niels Henrik Abel (5. august 1802–6. april 1829) var ein norsk matematikar fødd i Ryfylke på Finnøy, og oppvaksen i Gjerstad i Aust-Agder. Saman med Sophus Lie vert han rekna som ein av dei to største norske matematikarane, og fleire norske matematikkonkurransar er oppkalla etter han. Abel har òg eit stort internasjonalt namn innan matematikken.
Abel er mest kjend for å ha prova at den generelle femtegradslikninga ikkje kan løysast med dei grunnleggjande rekningsartane - addisjon, subtraksjon, ganging, deling og å finna rota av eit tal.
Fleire matematiske omgrep ber namnet til Abel, til dømes abelske grupper og abelske kategoriar. I Noreg har dei sett i gong fleire prosjekt for å gjera han betre kjend, gjennom KappAbel matematikonkurranse for niandeklassingar og Abelkonkurransar for vidaregående elevar. Abelprisen er oppretta til minne om matematikaren.
Abel døydde berre 26 år gamal av tuberkulose på Froland Verk i Aust-Agder, og her er han gravlagd.

Kjelde: Wikipedia


Cachen vedlikehaldes på oppfordring av familie i området ellers ved p53R2s eller mine hyppige besøk i området.

Additional Hints (No hints available.)