
Denne cachen er ein del av serien
"Skjergardsheimen"
Skjergardsheimen 2: Hattesundet (GC2B5HW)
Skjergardsheimen 3: Laksholmsund (GC2B5HW)
Skjergardsheimen 4: Ved Lamøy (GC2B5JG)
Skjergardsheimen 5: Langøysundet (GC2B5K4)
Skjergardsheimen 6: Bonuscachen! (GC2B5KV)
...samt ein Bonuscache.
Cachane i denne serien finn ein langs kysten i nærleiken av
Nautnes. Det er fem cachar samt ein bonuscache i serien, og ein
treng båt for å finna dei fleste av dei. Desse cachane er ein del
av undervisninga ved leirskulen og sommarleirane ved
Skjergardsheimen, og det er svært viktig at de held cachane i fin
orden og legg dei tilbake på nøyaktig same plass.
Skjergardsheimen 1: Leirstaden.
Skjergardsheimen leirstad -
hovudbygningen.
Kjære barn!
Har de blitt kjende med GPS'en og veit korleis den fungerer? Bra!
Dette er den første cachen i skattejakta. Den bør ikkje vera særleg
vanskeleg å finna, og er heller ikkje langt frå leiren. Hugs å
notere ned koden i loggen. Den treng de for å finna bonuscachen
:)
Lukke til!
--------------------------------------------------------------------------
Info til andre cacharar:
Skjergardsheimen leirstad er ein først og fremst ein leirskule
der kystkultur står i sentrum. Elevane kan mellom anna køyre båt,
fiske, bade, klatre, bruke taubane og lære bruk av GPS for å nemna
noko. Om sommaren vert det heldt tre sumarleirer her; to for barn
utan andre feriehøve og èi for psykisk utviklingshemma,. I tillegg
kan ein bruke staden til kurs, selskap og liknande.
Sommarleir 1 - 2008.
English:
This is the first cache in the series
"Skjergardsheimen".
Skjergardsheimen is a camp for pupils, and in the summer, a camp
for children with no other holiday options. On the camps, the
children get to drive boats, fish, swim, play soccer, do mountain
climbing use GPS etc.
