Skogsvegen ligg i Smørkleppgrenda mellom Åmot og
Grungedal. Lenger framme finn du Vinje Biletgalleri med måleri av
Henrik Sørensen og Harald Kihle.; Galleriet inneheld 40
måleri av Henrik Sørensen og 25 måleri av Harald Kihle. Dei både
arbeidde og budde mykje ilag her i Smørklepp. Utanom sesongen er
anlegget ope etter avtale, kontakt Vest-Telemark Museum.
På vegen mot den spesielle bygningen med galleriet, ligg
nokre kjempesteinar i vegkanten. Det hamna ein skatt under ein av
dei......
Litt lenger oppe i vegen tek ein sti av mot Mjonøy. Det er laga
ein turveg langs elva mellom Mjonøy og galleriet som er verd ein
tur.
Harald Kihle er mest kjent for sine malerier av naturen
og folkelivet i det indre av Telemark. Hit kom han for første gang
i 1927 på oppfordring fra sin læremester Henrik Sørensen. Nesten
hver sommer vendte han tilbake til Telemarks bygder, gjerne i
selskap med venner og malerkolleger. Han bruker ofte en fargeskala
av grønnsvart, grått og brunt, og skildrer ofte det mørke
skogslandskapet og bøndenes slit og dagliglivet rundt om på
gårdene. Det mest karakteristiske elementet i hans motivkrets var
likevel hesten, et dyr han hadde studert nøye under sin
kunstutdannelse og bevarte et nært og respektfullt forhold til
gjennom hele livet.
Henrik Sørensen budde og måla i Vinje kvar sommar frå
1927 til 1961.
Han var ein kunstmålar som veksla mellom varme lyriske
kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske
krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle
naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden
1908 til 1910. Til minne om han er det oppført eit særprega galleri
bygd i naturstein ved inngangen til Støylsdalen, midt i
"målarlandskapet".