Skip to content

"Svanesjøen" i Morgedal Traditional Cache

This cache has been archived.

Gamlemor-bæææ: Snøen har nok reist med denne lille saken og jeg velger å arkivere. Har ikke vært svaner her på et par år heller . . .

More
Hidden : 9/25/2010
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


I nokre få år har eit svanepar hekka i tjønnane langs vegen i sørbygda i Morgedal. Det er meir en 400 m oh her, og det er like spanande kvart år, om dei kjem att frå sydlegare trakter og om nokon av ungane vil slå seg ned i nærleiken.


Cachen ligg i enden av tjønnane i eit vegkryss der en kan sjå steinsetting etter Hemmestveit-dammen. Den ble brukt til tømmerfløyting i Morgedalsåi fram til 1961.


På 1860-talet ble brødrene Torjus og Mikkel Hemmestveit født på garden Hemmestveit som ligg på øvresida av hovedvegen her. Faren var jamnaldring med Sondre Nordheim.

Han og sønene reiste til Kristiania for å lære byfolket å bruke ski. Eit år dro dei 70 par ski med seg på kjelkar som dei selde. I Husebyrennet 1883 fekk Torjus 1. plass og kongepokal i ein alder av 22 år. Same vinteren vann han òg fire andre skirenn rundt Kristiania.

Utover i 1880-åra kappast Torjus og Mikkel om dei beste plassane i skirenna. 5 år etter fekk Torjus enda ein kongepokal då som vinnar av kombinert renn med hopp og 25 km langrenn.

1886 reiste Mikkel til Amerika. Året etter vann han det fyrste hopprennet som vart arrangert i USA. Så kom Torjus og dit. Hemmestveit-brørne hadde sin glansperiode i Amerika frå 1891 til 1894. Da vann dei mange skirenn. Fyrstepremien kunne godt vera på 100 dollar eller meir. I tillegg til renn og oppvisning heldt dei skikurs og laga ski. 1893 vart Torjus “Champion of the World” på ski med eit rekordhopp - broren Mikkel hadde den gamle rekorden.


Ta med blyant. Cachen har bare en liten logg.

Additional Hints (No hints available.)