Skip to content

Ravnejuv hotell Traditional Cache

Hidden : 9/28/2010
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

På slutten av 1800-talet var turiststraumen til Ravnejuv så stor at det ble bygd eit sommerhotell like ved.



Hotellet ble sett opp i 1900 og sto her i 10 år før det vart lafta ned og flytta til Åmot.


Turistane som budde på Dalen Hotell drog på utflukt til Ravnejuv med hestetransport opp Eidborgbergi og vidare fire kilometer inn mot Ravnejuv. Her kunne dei overnatte og ta turen ned dagen etter. Denne vegen var kommunal. For folka på Omdalsgardane og Gøytil var dette den einaste vegen fram til kyrkje i Eidsborg og kommunesenteret som da låg i Lårdal. Vegen gjekk og vidare frå Omdal til Nesland i Vinje. Heilt fram til midten av 1950-talet var vegen i full bruk.

Folk som budde i grendene her hadde dårlig veg heilt til "Tokkeeventyret" (kraftutbygginga) bygde veg på slutten av 1950-talet.Før den tid måtte folk ta seg fram til Eidsborg langs den stien som går frå Ravnejuv til Bjåen. Denne stien er godt merka som tursti både frå Bjåen og frå museet i Eidsborg.

Jarand Reffelbrekk i Eidsborg var ein av dei som arbeiide for å få stikka veg her på slutten av 1890-talet. Han laga eit langt dikt som sto i "Bratsberg Amtstidende". Her er eit par verseliner:

"Å Gøytilsgardane æ gode, vene men vegen til dei er fælt så klene. Og folkji lengtar so mang ein gong ette nye veg som di sårleg trong.

Ja, Amt, Kommune, - de lyt kon høyre me be om veg so me kan få køyre om Ramnejuv å om Omdal hen te den nye vegen gjennom Eidsborg grenn."


Cachen ligg i tuftene etter sommerhotellet som sto i vegkanten her. Det er ein sylindrisk boks med logg, blyant og nokre små bytteting.

Additional Hints (Decrypt)

haqre fgrva irq rv tena/ haqre n ebpx arne ol n fcehpr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)