Skip to content

Havrefjell - Linkhytta Traditional Cache

This cache has been archived.

Protea Sangomas: ikke hørt noe fra utlegger

More
Hidden : 10/10/2010
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Havrefjell, 638 moh., ligg i Nissedal kommune, Telemark, og er eit populært turmål blant innbyggjarane i kommunane rundt dette lille fjellet. Rundt påsketider må ein av og til gå i kø oppover skiløypene. Sommarstid og på hausten er det både mosjonistar og bærplukkarar rundt fjellet, og på hausten vert området også nytta til jakt.

Den første linkhytta vart oppført i samband med Forsvaret sitt (no nedlagde) kommunikasjonsutstyr på Havrefjell. Dette var i 1971, medan den andre, og noverande, linkhytta blei bygd midt på 80-talet.

På vindfulle dagar (og det er nokre av dei her oppe..) er det veldig kjekt å kunne sitte på hyttetrappa i kroken og nyte ein kopp varm kakao eller kaffe etter turen opp. Mange er dei som har møttest her oppe over ei dobbelskive med gulost og saft på plastflasker - både familiar, vener og kjente. (Sjølv då boksen blei lagd ut møtte me på familie og kjente, som lurte på kva me gjorde!)

(På verandaen står ei postkasse med loggbok i, som er del av Felle IL sitt opplegg. Dei liker godt om andre enn fellsingar også skriv i loggboka, men den er ikkje alltid tørr..)

Ein kan sjå heilt ut til kysten på ein klar dag. Uansett kan ein få ei utruleg fin utsikt - anten mot Treungen, Øy, Vegårshei eller Gjerstad.

Cacheboksen er plassert litt vekk frå sjølve hytta.

OBS! Skrent 5 meter unna.

Opprinneleg innhald:

Logghefte

Blyant

Hårspenner

Klistremerker

I tillegg ligg følgjande dersom det skulle vere akutt naudsynt:

Freia Solbærtoddy-pose (må tilsettast vatn) 1 stk

Kvikk Lunsj 1 stk

Gnagsårplaster 1 stk

Det er 10-15 min normal gange mellom Linkhytta og Varden. Dersom ein held seg langsmed skrenta på sørleg side er det enklare å halde seg på tørt fjellunderlag i sommarhalvåret. Vinterstid er det best å vente til skiløypene kjem, då det finst eit par myrer og dammar lenger innpå platået.

Det er laga fleire kart over området, mellom anna av Havrefjell Turlag (medlem av DNT):

http://www.turistforeningen.no/havrefjell/

English:

Havrefjell is a popular recreation area located in Nissedal municipality, Telemark county. The view is great in all directions. There are two main hikes towards this cabin; one from Felle and one from Sandtjonnlia.

Follow the path on the south side of the plateau, close to the cliff, when going between Linkhytta and Varden. There are a few marshes and small waters further north that after a snowfall might be hard to see. During the wintertime follow marked slopes/trails. (with a red, capital "T" on stones or thin branches with reflector tape on them).

Due to mugglers the cache is not placed in the very proximity of the cabin, though not too far away.

NOTE: Cliff / steep mountain close by (15 feet).

This cache will be maintained by myself and close relatives living nearby.

Kjelde: T. Skåli, Felle

Additional Hints (Decrypt)

Xna oyv inafxryvt å svaar / så gnx v cå ivagrefgvq. Zvtug or qvssvphyg gb svaq / trg ubyq bs gur pnpur qhevat jvagre frnfba.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)