Skip to content

Havrefjell - Varden Traditional Cache

Hidden : 10/10/2010
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Havrefjell, 638 moh., ligg i Nissedal kommune, Telemark, og er eit populært turmål blant innbyggjarane i kommunane rundt dette lille fjellet. Rundt påsketider må ein av og til gå i kø oppover skiløypene. Sommarstid og på hausten er det både mosjonistar og bærplukkarar rundt fjellet, og på hausten vert området også nytta til jakt.

Som eit kvart fjell med respekt for seg sjølv er det reist ein varde på toppen av Havrefjell. Det finst fleire vardar i området rundt, men det er ikkje tvil om kva for ein som er høgast og størst. Like ved finn ein skilt med retningspiler for Sandtjønn og Felle. Der er òg ei kasse med loggbok i, som tilhører Havrefjell Turlag.

Utsikten frå Varden er veldig fin, og på hausten kan ein sjå snøen på Gaustadtoppen like bak Nælfjell, i nordleg retning (har ikkje bilete av dette - enno.. ;) ).

Det er 10-15 min normal gange mellom Linkhytta og Varden. Dersom ein held seg langsmed skrenta på sørleg side er det enklare å halde seg på tørt fjellunderlag i sommarhalvåret. Vinterstid er det best å vente til skiløypene kjem, då det finst eit par myrer og dammar lenger innpå platået.

Opprinneleg innhald:

Logghefte

Blyant

Hårspenner

Klistremerker

I tillegg ligg følgjande dersom det skulle vere akutt naudsynt:

Freia Solbærtoddy-pose (må tilsettast vatn) 1 stk

Kvikk Lunsj 1 stk

Gnagsårplaster 1 stk

English:

Havrefjell is a popular recreation area located in Nissedal municipality, Telemark county. The view is great in all directions. There are two main hikes towards this cabin; one from Felle and one from Sandtjonnlia.

Follow the path on the south side of the plateau, close to the cliff when going between Linkhytta and Varden. There are a few marshes and small waters further north that after a snowfall might be hard to see. During the wintertime follow marked slopes/trails. (with a red, capital "T" or thin branches with reflectors on).

Cachen er IKKE i varden - la vardene være i fred!

The cache is NOT hidden in the cairns - do not move the stones there!

This cache will be maintained by myself and close relatives living nearby.

Kjelde: T. Skåli, Felle

Additional Hints (Decrypt)

Xna oyv inafxryvt å svaar / så gnx v cå ivagrefgvq. Zvtug or qvssvphyg gb svaq / trg ubyq bs gur pnpur qhevat jvagre frnfba.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)