Skip to content

Alrekstaðir - AK#29 Traditional Cache

Hidden : 11/27/2010
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Alrekstaðir eller Alrekstad var ein av kongsgårdane langs den sørvestnorske kysten der Harald Hårfagre og hans etterføljarar tok opphold på 900-talet før det kom opp byar i Noreg. Etter Slaget ved Fitjar på Stord omkring år 960 var Kong Håkon den Gode på veg til Alrekstad då han døydde av banesåra på Håkonshella.



Som kongssete var Alrekstad eit viktig utgangspunkt for byutviklingen i Bergen. Årstadgeilen som går frå Alrek til Store Lungegårdsvann er Bergens eldste gateløp. Navnet på store Lungegårdsvannet kjem av Lungegården som i middelalderen hadde navnet Alrekstadvågen etter kongsgarden Alrekstad.

I 26 år styrte Olav Kyrre landet frå Alrekstad. Kongsgarden var landets hovudstad. Olav Kyrre styrte med visdom og fredsvilje i ei tid med framgang for landet. Ein tur i området der den gamle kongsgarden låg, viser raskt at staden ikkje var tilfeldig valt. Staden har ein strategisk plassering. I aust reiser den majestetiske Ålreken (Ulriken) seg, i forgrunnen ligg Ålrekstadvågen, Store Lungegårdsvann, i nord Ålrekstadvatnet, i dag Svartediket. Sentralt i landskapet ligg også Skinhosa, i dag Puddefjorden.

Det var på Alrekstad Olav Kyrre bestemte seg for å grunnleggja byen Bjørgvin. Her sat han og skua utover Vågen, til området på Holmen, og planla byggingen av den store Kristkirken, domkyrkja for heile Vestlandet.

Der kongsgarden låg finn vi idag Alrekstad skole, som er ein offentleg spesialskule for elevar frå 8. til 10.trinn. Cachen ligg sjølvsagt utanfor skulegarden.


Kilde: Alrekstad

Additional Hints (Decrypt)

Yvtug cbfg

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)