Skip to content

Orion: Chi2 Traditional Cache

Hidden : 3/20/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


For mange år sidan gjekk høyrespelserien ”Stjernene forteller” på laurdagsbarnetimen i radio. Her vart det fortalt om gamle greske gudar og heltar, og om korleis stjernebileta vart til.
Orion er eit stjernebilete som er relativt lett å finna på nattehimmelen, og det er knytt mange spennande forteljingar til den store jegeren Orion. Sjølve stjernebiletet og historiane kring dette har vore inspirasjon til cacheserien Orion.
Kvar cache representerer ei stjerne, og dei er plassert etter mønster av stjernenebiletet, med litt avvik nokre stader for tilpassing til terrenget.


Chi2 Orionis er ein blå supergigant, og er den stjerna i Orion som ligg lengst borte frå oss. Saman med Chi1 markerer ho toppen av Orion si kølle som vi ser oppe mot nordaust i stjernebiletet.
Desse to stjernene har fått same greske bokstav, og ser ganske like ut på nattehimmelen, men eigentleg er dei svært ulike. Chi1 er ei stjerne ganske lik vår sol i storleik og lysstyrke, og ligg ganske nær oss, bare 28 lysår unna.
Chi2 ligg så langt borte at det er vanskeleg å berekna avstanden, men ho er truleg mellom 3400 og 4900 lysår borte. Dei fleste astronomar reknar med at nærare 4900 lysår er det mest korrekte. Målingar av temperatur og lysstyrke frå Chi2 tyder på at denne stjerna lyser meir enn 400.000 gonger sterkare, og at ho er 59 gonger så stor som vår sol. Viss målingane av masse og avstanden stemmer er Chi 2 heilt på grensa til å høyra til i den svært sjeldne ”hypergigant” klassen.
Det er sannsynleg at Chi2 innan kort tid (på ein astronomisk tidsskala) vil eksplodera som ei kraftig supernova. Med så stor masse som Chi2 har, er det godt mulig at stjerna kollapsar etter ein slik supernovaeksplosjon. Ho vil då bli eit ”svart hol”, som eigentleg er ei stjerne med så stor massetetthet og tyngdekraft at ikkje eingong lys slepp ut.
Lysår er eit omgrep som vert brukt som måleeining for avstand innan astronomien. Eit lysår er den distansen lyset tilbakelegg på eit år. Sidan farten på lyset er 299 792 458 meter i sekundet, tilbakelegg lyset enorme avstandar; i vakuum er den omtrent
9 460 000 000 000 km, eller 9,46 billionar km i løpet av eit år

Grunnen til at lysår vert brukt som måleeining i astronomisk samanheng, er at det er meiningslaust å snakka om meter eller kilometer på grunn av dei enorme avstandane. Til dømes er Månen 384 390 km unna oss, og lyset bruker ca. 1,3 sekunder derfrå til Jorda.

A light-year is a unit of length, equal to just under 10 trillion kilometres (6 trillion miles). As defined by the International Astronomical Union (IAU), a light-year is the distance that light travels in a vacuum in one Julian year.

The light-year is often used to measure distances to stars and other distances on a galactic scale. The reason that light-year is used as a measuring unit in the astronomical context, is that it is pointless to talk about meters or kilometers because of the vast distances in space.
Chi-1 and Chi-2 mark the tip of Orions upraised club. While given the same Greek letter, and having about the same apparent brightness, the two could not be more different.
Chi-1 (the more westerly of the two) is a solar type dwarf only 28 light years away, while Chi-2 is a bright supergiant so far away that its distance is unmeasurable by parallax. The distance can be estimated in two ways, one by its spectral class (which gives absolute brightness, and which is then compared with apparent brightness) and by its probable membership in the Gemini OB1 association of bright stars, the former giving 3400 light years, the latter a much-farther 4900. Astronomers generally adopt the latter, which makes all the parameters more consistent.
If that far away, Chi-2 Ori has an incredible luminosity 410,000 times that of the Sun, which puts it into the fringe of the ultra-rare "hypergiants" . From the luminosity and temperature we derive a radius 59 times that of the Sun.
There is no question that before too terribly long (on an astronomical time scale of course) that Chi-2 will blow up as a powerful supernova. If near the high end of the scale, which is most likely, Chi-2 crosses over into the realm in which the core may collapse into a black hole, a "star" so dense that even light cannot escape.
This cache is one of 18 in a series inspired by the constellation Orion.
Denne cachen er ei av 18 i ein cacheserie inspirert av stjernebiletet Orion.
Kvar cache representerer ei stjerne, og dei er plassert etter mønster av stjernebiletet, med litt avvik nokre stader for tilpassing til terrenget.
Inspirasjon og opplysningar til Orion-serien er mellom anna henta frå Wikipedia, naturfag.no, bøkene "Helter og monstre på himmelhvelvingen" og "Stjernene forteller" av Maj Samzelius

Additional Hints (Decrypt)

fgrva zryybz ger bt twreqr / fgbar orgjrra fcehpr naq srapr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)