Det seiest at Spådomsnuten skal rase ut og setje heile Flatdal
under vatn. Vatnen skal nå så høgt at folk skal kunne binde båtane
sine i dynneklinka på Aase, ein gard høgt oppi lia i nordenden av
dalen.
Det er Sibylla har spådd om Spådomsnuten. Nuten skal dette etter
at tre systrer har stått brur på same dag i Seljord kyrkje. Eit
anna merke er at når det glimar som ein by mellom Vallaråi og
Skjerveåi, då er det tid til at Spådomsnuten kan rase ut. Sybylla
såg og ei verdfull, blank og strøymande åre inni Skorvefjellet. I
dag ligg det nær å tenkje på vassrøra som gjev kraft til turbinane
ved Sundsbarm kraftverk..
"Sibylla" er ikkje noko namn, men eit namn på spåkvinner, som
gjerne held til i fjellholer eller liknande. Uttrykket er velkjend
frå antikken. Ei rekke spådomar som tydeleg syner lokalkunnskap i
Telemark kan mogeleg stamme frå "Grenlandssibylla". Kan ho ha halde
til i St. Mikaels-hola ved Norsjø?
Etter at cachen ble flytta 11.mai 2011 så kan du se litt av
Spådomsnuten frå cacheplassen.
Spådomsnuten is located in the mountain of Skorve. In earlier
times there was a person who predicted that this part of the
mountain would once fall down, and put the village Flatdal under
water. Follow the E134 to Flatdal, and you can see Spådomsnuten on
your left handside up in the mountain. (on the right handside from
Flatdal) approximately 8 kilometres from Seljord.
CACHEN ER EIN RUND BOKS.
Den inneheld logg, blyant og bytteting. Ved utlegg:
FTF-sertifikat,lykt,refleks, kjøleskapsmagnet, tova sopp mm