Skip to content

Dagmerket på Reve Traditional Cache

Hidden : 3/20/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Jærens dagmerke - eit seglingsmerke i dagslys. - Eit dagmerke er ein godt synleg struktur plasert på land for å hjelpa navigasjon. Dagmerke kan og vera landmerke, t.d. formasjonar på landskap og fjell.

Jærens rev, - den vestlegaste sandtangen på Jærstrendene, - ligg på Reve i Klepp. Derfrå er det kortaste vegen frå Norge til Skotland! - Dette revet har vore åstad for for mange skipsforlis langs den værharde jærkysten - . Ei skildring i Typografisk/statistisk beskrivelse over Stavanger amt 1888 fortel at: .. ”paa gaarden Reve findes siden 1855 redningsstation med raketapparat.” - Vidare kan me der lesa at ”på øen Lille Feistenen er der i 1859 tendt et rødt og hvidt ledfyr af, 4de orden, anbragt 20 1/2 m.o.h. og med en synsvidde af 9 kvartmil,” og at: ”Paa Jæderens Rev er der endvidere opført et dagmerke til veiledning for de søfarende - ”

For å setja dagmerket inn i ein heilhet må me tilbake til 1838. Då blei det nedsett ein fyrkommisjon som skulle vurdera dei eksisterande og eventuelt nye fyr på strekninga frå Kvitsøy til Færder. Av nye fyr som var med i vurderinga var: Feistein, Obrestad og Eigerøy.

- I november 1851 tok Stavanger sjømannsforening dette temaet opp på eit møte, - som konkluderte med at ”Obrestadbrekken var bedste plassering af et nyt fyr ,” med fylgjande grunngjeving: ” Den farlige Kyststrekning mellem Gunderhoug og Hvidingsø er uimodsigelig Jedderen, thi en Kyst, der er saa høi og reen som den imellem Egerø og Lister, vil man dog, om Natten end er meget mørk, kunne see betids nok for at redde Skibet for at seile i Land, - hvorimod den lave Jedderens Kyst i lignende Tilfælde umulig vil kunne sees inden Fartøiet staar med Kjølen, og hva er da rimeligere end at Fyret faar sin Plads midt paa den største Farlighed.” - Det var vel skutene som kom inn frå havet som hadde størst problem med å berekna avstanden til land. Dette kan ein og sjå av redningsprotokollar og avisreferat frå den tida. - Kystfarten var ikkje så utsett, då den føregjekk mest i den lyse årstida.

Trass ein stor debatt, stod kommisjonen på sitt, det nye fyret skulle byggast på Eigerøy! - Kvitsøy skulle oppgraderast frå kolfyr til lampefyr - og - som eit kompromiss skulle det byggast eit dagmerke på Reve! - Ein innsendar i Morgenbladet i mars 1852 - ”der i en Rekke af Aar til alle Aarets Tider har befaret dette Farvand -” annbefalte på det sterkaste at: ”Man opførte det for Jæderens Rev bestemte Dagmærke saaledes, at der paa dets Top anbragtes en Lygte til et Lampefyr af 3dje Orden med gode Reflektorer”. Og for å gjera det fullstendig kjenneleg frå Eigerøy fyr mala det i et ”sterkt rødt eller blaatt Farveskjær - .” - Det vart ikkje noko av det!

Tinglysing den 3. 11.1854 står skrive ”Blomhaug beliggende i Gaarden Refves Udmark”, som staden der dagmerket skulle byggast. Om det vart bygt her har det nok vore for ei kort tid - for ein har sikker opplysning at det i allefall stod på noverande stad i begynnelsen på 1870 åra. Likeeins Nicolai Ulfsten kjende maleri ”Vragauksjon ved Jæderens Rev” malt 1881 viser dagmerket ståande på stranda. Det første dagmerket/merkene var trekonstruksjon, men i 1911 vart eit nytt dagmerke sett opp. Det var ein jernkonstruksjon. Dette merket tok også Trygve Gran sikte på då han i 1914 landa på Reve etter den berømte 5 timars flyturen frå Skotland.

Dagmerket frå 1911 måtte i 1994 fjernast på grunn av rustskade. Det nye dagmerket (likt det gamle) vart reist att 2004 og står i dei same gamle, men nyrestaurerte fundament som vart bygde då det første ståltårnet vart reist i 1911. Det er 16,5 m høgt og godt tre tonn tungt. På den 16, 5 m høge konstruksjonen er det ein trekant i tre med grunnlinje fire meter og høgde på to meter. Gjenreising av dagmerket på Revtangen vart markert 25. august 2004. Dagmerket har ikkje bare historisk verdi, men og ein bruksverdi i dag, - m.a. mange fritidsfiskarar kjenner seg tryggare med merket i sikte.

Cachen inneholder kun en logg så ta med egne skrivesaker

Parker ved hovedveien, veien ned mot dagmerket er privat...respekter dette.

Additional Hints (Decrypt)

Cå onxra,ehfg

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)