Skip to content

Limagarden Traditional Cache

This cache has been archived.

Kjellas8: Finito

More
Hidden : 4/10/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Nano.

Koordinatene er tydeligvis noe unøyaktige, men dere trenger ikke gå over noen gjerder.

Limagarden på Ålgård er en flott plass å besøke. Legg gjerne besøket ditt til en søndag mellom ett og fem, da er det åpent. Så kjøper du også noe i kafeen og støtter de som driver garden. Dette er et område jeg har gått mye tur i, det er et flott fugleliv, og gamle, tradisjonelle gårder innover veien om du fortsetter forbi selve garden. Sett av litt tid her :-)

Om Limagarden

På Limagarden finn du dei husa som var på garden den gong det budde folk her.

Garden har eksistert sidan 1600-tallet. Sau har alltid vore ein av hovednæringane på garden. I tillegg livnærte dei seg mellom anna med fiske av aure, sik og røye i Limavatnet og Flassavatnet. Fiskegarnet vart bunde for hand. I smia laga dei sauebjøller, og seinare skeiser. Tresko laga dei sjølv. Graset i utmarka vart slått etter at dei var ferdige med slåtten heime. Høyet vart lagt inn i små høyløer, og kjørt heim om vinteren etter behov. Garden var også ein av dei første i distriktet som fekk vaskekum for sau. Sauebønder frå nabogardane kom i oktober og november med flokkane sine for å bada sauene i kreolin for å ta knekken på flåtten. Det vart fortalt at det låg mange saueflokkar langs vegen opp til garden og venta på eit bad på denne tida.
I heimhuset var det mange slags oppgåver, og kvar ledig stund vart utnytta. Ull var ein viktig ressurs. Det var vanlegvis mannen og ungane som stod for kardinga medan kona tok seg av spinninga. Arbeidet gjekk føre seg i daglegstova. Heimhuset var delt inn i daglegstova, bua, kjøkken og andre-etasje. I daglegstova sov mann, kone og dei minste borna. Borna sov saman i ein såkalla "Sandnesbenk", der det var plass til 2-4 personar.
Bua vart brukt til fint. I golvet var det ein planke. Det vart sagt at det bare var storfolk som fekk komma innanfor denne, husmenn måtte halda seg på utsida. I andre etasje skulle ungdommen, tenestejenter og drengar
ligga. I tillegg vart det oppbevart matvarer som korn og mjøl på loftet.
Særutstilling
På loftet i heimehuset finn du ei lita utstilling om reiskapar og arbeidsmåtar i samband med tilverking av ull.
Folka på Limagarden
Limagarden ligg på sørsida av Limavatnet og er er eit av gardsbruka på Ytre Lima i Gjesdal. Gardsbruket har gardsnummer 9 og bruksnummer 6 i Gjesdal. På 1950-talet var dette ein gard på 600 dekar, der 40 dekar var dyrka og 20 dekar var kulturbeite. Då var det 13 kyr, to hestar, 100 høns og 66 sauer på garden. Her budde Severin (f.1878) og Martha Maria Lima (1880 – 1966) med dei tre barna Tore (1904 - 1977 ), Jenny (1906 - 1986 ) og Lars (1908 – 1974). Då hadde familien budd på garden Ytre Lima gjennom mange generasjonar. Men husa hadde ikkje stått på same plassen. Fram til 1858 låg bruk 6 lengre aust, der det framleis ligg to gardsbruk. Det var staden der alle bruka på garden låg i ei klynge. Heimehuset og fôrløa blei flytta til nåverande stad, medan dei andre husa er bygde der dei står i dag.
Garden blei museum.
Dei tre søskena blei siste generasjon som budde på og dreiv garden. Tore og Jenny Lima testamenterte garden med bygningar, reiskap, utstyr og innbu til Gjesdal kommune under føresetnad av at garden skulle brukast til bygdemuseum. Garden var i drift til opp mot 1980. Kommunen overtok garden etter at den siste av søskena døydde i 1985. Gjesdal Bondelag og Gjesdal bondekvinnelag stod sentralt i arbeidet med å omskapa garden frå privat bustad til bygdemuseum. Innbuet blei teke vare på. Møbler og utstyr står utstilt eller er magasinert. Kommunen selde noko av areala til bustadfelt og brukte desse inntektene til å setta istand bygningane. Eit eige fond har langt på veg finansiert vernevøling av bygningane. I 1989 blei gjenstandssamlinga frå Gjesdal bygdemuseum flytta frå Bollestad til Limagarden.

Heimehus Jærhus - bygd 1848 og restaurert i 1988/89, 115 m2 i 1,5 etasje
Fôrløa Grindbygg – bygd rundt 1800, restaurert 1987; 131 m2
Sauehuset Bindingsverk, bygd 1900, 54 m2 + 60 m2
Nye løa med miljøloft Bindingsverk og mur. Ku og sauefjos, låve Bygd 1939 / 1948, 130 m2 i 3 etg. Miljøloft med toalett: Murt, reisverk, bygd 1991, 30 m2 i 2 etg.
Eldhus Bindingsverk, ukjendt byggeår, 45 m2
Smie Bindingsverk, ukjendt byggeår, 20 m2
Blekkhus Bindingsverk, ukjendt byggeår, rive 2009, nybygd 2010, 24 m2
(visit link)

Experience local history and the cultural landscape formed by generations of sheep farming. Gjesdal Village Museum's entire collection of farm buildings is here. Some dating from the first half of the 19th century are fine examples of their building types.

Access: 2 km south of Ålgård on trunk road Rv45 towards Sirdalen.

Activity days on Sundays from April to October, with food and refreshments. Guided tours by appointment.

Additional Hints (Decrypt)

Wvz Zbeevfba

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)