Minnelunden på Mossige Traditional Cache
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Minnelunden på Mossige
Den gamle Mossigegarden og Minnelunden.
Mossige, storgard i bygda - ligg nordaust for, - og godt synleg frå Garborg. Det stilfulle og vakre våningshuset er bygd i 1823. Etter formannskapsloven av 1837 vart det første formannskapsmøte i Time halde her og huseigaren Ingebreth Svendsen Mossige (1812 – 1862) vald til kommunens første ordførar.
Her heldt også fut og skrivar til når dei hadde ting og rettsmøte på Jæren (”Skrivarstovå/ Tingstovå”). - I 1844 vart Mossigegarden lensmannsgard i Time - og med innreida fengselscella i kjellaren var den ei tid ”husvære” for sjølvaste meistertjuven Ole Høyland, - og med Ingebreth som lensmann. I dette året, 1844, vart han også vald til stortingsmann, - den andre frå bygda; - far hans, Svend Ingebrethsen Mossige (1780 – 1835) var den første.
- Språkgranskaren Ivar Aasen budde her i 6 veker då han var på samlarferd på Jæren hausten 1844. - Ivar Aasen let vel på Mossige over kor ”vituge og upplyste” jærkvinnene er! - I 1870 åra var det i ein periode folkhøgskule her, skulen heldt til i Tingstova . - . Her vart og tidleg drive ”vaksenopplæring”: Interesserte bønder gjekk på lese- og skrivekurs på sundags ettermiddagane, mellom dei Aadne Olsen Garborg - farfar til Arne Garborg. - Då Skjævelabdsbrua vart bygd i begynnelsen av 1850 var det Ingebreth S. Mossige som gjorde teikninga til den.
Svend Ingebrethsen Mossige (1780 – 1835) var opplysingsmann og idealist med uvanleg dyktige evne og givnader, - . I 1818 vart han vald til stortingsmann - den første frå bygda; og attvald fleire gonger, heilt til han sjølv takka nei - , det var han som i 1823 bygde det store våningshuset på Mossige og dreiv garden fram til eit mønsterbruk. Han var og interessert i hage- og fruktdyrking. Han vart kjend med stortingsmann Aga frå Ullensvang, som sende fruktplanter frå Hardanger. - Svend planta 56 epletre dessutan kirsebær og bærbuskar. Ved Garborgheimen er det endå gamle aplar som kallast ”Garborg-eple”, men som eigentleg er av podekvister eller rønningar av ”Mossigeeple”. Han var også dyktig gullsmed - og det vart sagt at ”Mossigesylvet er spreitt over alle bygder.” I unge dagar gjorde Svend også ei teikning med nøyaktige mål over Timekyrkja. Denne teikninga hadde sonen, Ingebreth, teke vare på, og den vart nytta då kyrkja skulle byggast opp att etter brannen i 1858. - Nemnast kan og at Svend fekk tildelt Borgardådsmedalja. - Far hans Svend, Ingebreth (1752 - 1819), døydde brått, - og der dei fann han, gjorde Svend i stand ein vakker minnehage, som også er eit verdig monument over det mennesket han Svend sjølv var. På ei stor steinhelle står hogge inn:
Den 28. August fik her min uforglemmelige fader Ingebreth Svendson sit dødsbud i sin alder 67 aar for hvis minde dette er gjort som er for mig undertegnede søn et dyrebart klenodie
S.M.
Cachen innheld kun logg så ta med eigen penn.
Additional Hints
(Decrypt)
Zryybz fgrvare/orgjrra fgbarf
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures