Skip to content

Sjernarøyane grill og cache Event Cache

This cache has been archived.

Makuta Teridax: Eventet er over for lengst, så da er det på tide å arkivere denne.

More
Hidden : Saturday, August 27, 2011
Difficulty:
1 out of 5
Terrain:
1 out of 5

Size: Size:   not chosen (not chosen)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Velkommen til Sjernarøyane lørdag siste helga i august! Kleiberg Sørensen og LMH77, begge team med tilknytning til øyane, inviterer til sosialt samvær, grilling og caching på dei frodige Sjernarøyane midt i Ryfylke for store og små cacharar.

Sjernarøyane er eit samfunn med 8 bebudde øyer plassert midt i Rogaland. Kalkrik grunn gjer at dei er frodige, med flott natur, kulturbeiter og oppdyrka mark. Utanom jord- og skogbruk, er turisme og lakseoppdrett viktige næringar. Det er ca 450 fastbuande som soknar til den flotte middelalderkyrkja på Kyrkjøy, der ein òg finn ei byste av Alfred Hauge (1915-1986), forfattaren frå same øya. Sommarstid fleirdoblar folketalet seg med båt- og hytteturistar som nyt freden og det meir enn gjennomsnittleg tørre klimaet.

Øyane har òg relativt høg cache-tettleik, i skrivande stund 13 cacher av ulik vanskelegsgrad. I samband med eventen kjem det nok òg til å vera eit par nye cachar ein kan ta ein FTF-konkurranse på.

Det er lett å komme seg hit, med god kommunikasjon både frå Stavanger og frå Nordfylket.

Me startar eventet med samling på Pålaneset rundt 1230. Dette er eit tidspunkt som passar for reisande både frå sør og nord. Sjå nedanfor for linkar til offentleg transport. Det er også god muligheit for å legge til med båt på staden.

Ta med dykk grillmat, drikke, stolar om de ønskjer det og har plass (det finst benker på plassen), frisbee? o.l. Fint viss ein del tek med seg asjettar, knivar, glass o.l. Gløym sjølvsagt ikkje GPS-utstyr og fullada batteri! Det er god 3G-dekning over det meste av øyane.

Meld dykk på nedanfor så me har litt peiling på kor mange som kjem! Velkomne skal de vera!

Transport

Frå Stavanger:

1) Hurtigbåt frå Fiskepiren (Saudaruta) kl 1030. Gå av på Helgøy kl 1125. Me kan hente på kaien.

PDF-fil hurtigbåtruter frå Stavanger til Ryfylke

Retur same veien, siste båt 2130

PDF-fil hurtigbåtruter frå Ryfylke til Stavanger

2) Køyr med eigen bil til Judaberg gjennom Rennfast og Finnfast (kr 200/Autopass) til Judaberg, så bilferge frå Judaberg 1105 til Helgøy kl 1205. Køyr med eigen bil til eventkoordinatene.

PDF-fil fergeruter

Retur same vegen. Ferger til seint på kveld, siste ferge 2310.

Frå Haugesund/Nordfylket:

1) Køyr med eigen bil til Nedstrand, ferge frå Nedstrand kl 1150, framme på Helgøy kl 1235. (Obs! Retur kl 1600 dersom ein tek same vegen). Alternativt kan ein også gå på Jelsa kl 1100.

PDF-fil bilfergeruter

2) Køyr med eigen bil via Arsvågen-Mortavika til Rennesøy, sving så av til Judaberg gjennom Finnfast (sjå ovanfor)

3) Utan bil: Reis til Stavanger først, så hurtigbåt (sjå ovanfor).

Overnatting

For dei av dykk som ønskjer å gjera ei helg ut av dette, finst det fleire moglegheiter. De kan telta ved event-koordinatene. Det er nytt og offentleg toalettanlegg på staden. Alternativt kan de sjå på følgande lenkjer (dei øvste reklmarerer til og med om geocachar på øya!):

Furre Hytter og Sjernarøy Maritim
Ramsvig

Dersom me blir ein liten gjeng som overnattar, skal me ordne med noko sosialt også på kveldstid, kan hende på ein av dei lokale skjenkestadane.

In English

Welcome to Sjernarøyane! This beautiful archipelago of islands in the middle of Rogaland will be the location of a day of BBQ, caching and socializing.

Transport:

Boat from Stavanger (Fiskepiren): 1030hrs to Helgøy (1135)
By car to Judaberg, Finnøy through underwater tunnels (Finnfast, NOK 200 with Autopass), then car ferry at 1105, arriving at Helgøy 1205.
From Haugesund: Drive to Nedstrand, ferry leaves at 1150, arrives at Helgøy 1235

Accommodation:

If you'd like to make a weekend of it, feel free to pitch a tent at the coordinates of the event (modern public toilet facilities available) or book your accommodation at one of the above links (Furre Hytter or Ramsvig).

Please sign up below!

Additional Hints (Decrypt)

Gur rirag vf ba qel ynaq qrfcvgr jung lbhe znc znl or gelvat gb gryy lbh!

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)