Steinknusaren Traditional Cache
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:
 (small)
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
[NOR]:Denne cachen ligg i ruinane av steinknusaranleget ved Vanvik
Kvartsbrudd. Kvartsbruddet var i drift frå 1950 til 1968. Området
er ikkje sikra - les cache-attributtar før du forsøker denne.
[ENG]: The cache is located in an abandoned quarry. The area is not
secured, and all traffic on the site is at your own risk. Check
cache attributes!
Kvartsbruddet då det var i drift på
1950-talet.
På 1930-talet oppdaga geologen Niels-Henrik Kolderup at det var
rike kvartsførekomster i Bergegrend. Like etter krigen vedtok
firmaet Jacob Kjøde A/S å starte utvinning av kvarts ved
Horgaberget (sjå cache GC27TDE). Rettane til kvartsen kjøpte dei av
garden Vanvik og Fusafjellet Sameige, og anlegget fekk namnet
Vanvik Kvartsbrudd. Sjølve drifta av kvartsbruddet stod Norwegian
Talc A/S for.
Bygginga starta hausten 1947, og anlegget stod ferdig til jul 1949.
Steinen frå bruddet i Horgaberget vart transportert med lastebilar
på ein 2,4 km lang veg, som gjekk frå kvartsbruddet i Horgaberget,
via Kvåle og ned til steinknuseverket. Her vart steinen knust til
passande storleik, og lasta på båtar frå kaien like nedfor
steinknuseverket. Kvartsen vart deretter frakta til Thamshavn i
Orkdal, der det skulle nyttast som tilslag ved smelting av
svovelkis. Den første kvartsen vart levert i mars 1950, men det
skulle bli eit kortvarig eventyr. Då 10-årskontrakten med Orkla
gjekk ut i 1960, vart den ikkje fornya, og i tida som fulgde var
det stort sett produksjon av singel og grus. Den 28. februar 1968
var det kroken på døra for kvartsbruddet, og i dag er det berre
ruinar att av det ein gang så storslåtte steinknusarverket i
Bergegrend.
I dag er det lite som tyder på at dette ein gong var ein
travel arbeidsplass.
Cachen ligg inne på anleggsområdet til steinknuserverket, eit lite
stykke nedfor sjølve steinknusaren. Det er lov å gå rundt og sjå på
anlegget, men ver klar over anlegget ligg i svært ulendt terreng,
bygningane er forfalne og er ikkje sikra. All ferdsel skjer difor
på eige ansvar!
Additional Hints
(Decrypt)
Fcbvyre vzntr: Vafvqr, ohg abg gbb sne...
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures