Skip to content

Syngjaren og Trodlanodland Mystery Cache

Hidden : 9/5/2011
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
4.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Denne cachen har to steg, du finn det første steget på koordinatane gitt ovanfor. Det er ingen mystiske mysterier eller vanskelege oppgåver som må løysast for å fullføra denne cachen.

This is a two stage cache. You will find the first step on the coordinates given above. There is no mystical mysteries or difficult tasks that must be solved to complete this cache.

Syngjaren
Steinen Syngjaren står det litt om i Ognaheiboka:
Nær tjødnå ligg den steinen som heiter Syngjaren eller Klingaren, fordi det syng så fint i han når nokon slår på han med ein stein, helst ein hard rund stein frå bekken. Det kjem forskjellige slags tonar etter kor ein slår. Det syner ei rose i steinen etter slag. Eit stykke av den kvasse kanten er slått vekk, derfrå kom den aller finaste lyden.
Syngjaren ligg som ei stor helle oppi skråninga mot vest like søranom Leidestjødna. Lyden i han er verkeleg flott, og ekkoet i området gjer at lyden bèr ekstra godt.
Syngjaren har nok mange gonger vore brukt som eit mål og lokkemiddel for trøytte barneføter på ferda over frå Herredsvela til Ualand.

Near lake Leidestjødn lies the stone called Syngjaren or "the Singer", because it makes such a nice sound when someone hit it with a stone. The large stone give different tones depending on where you hit it.
Syngjaren lies like a large flat slab in it the slopes to the west just south of lake Leidestjødn. The sound of the stone is unusually fine. And, on a clear day, the echo in the area will enhance and carry the tune very well.


Syngjaren i Ognaheia

Trodlanodland
Nær Leidestjødna finn du og Trodlanodland. Dette er ein av svært få plasser i vår del av landet der troll er brukt i stadnamn. Når ein ser på dei kantete og ville berga i området, er det ikkje vanskeleg å forstå at folk i farne tider tenkte at her har det vore troll på ferde.
Hola på Trodlanodland er grei å ta seg inn i, men nokre meter inne er ikkje opninga meir enn ein halvmeter. Når du kjem innanfor denne trongaste passasjen kan du reisa deg opp att og fortsetja endå nokre meter innover. Det er mykje vatn i hola, så det kan vera lurt å ha med handkle eller eit skifte med klede – og sjølvsagt ei god lykt som toler vatn.
Hola er ikkje ei grotte; ho er laga av steinar som vart lagde att etter isen gjorde sine siste sprell i området.
Trodlanodland er med sine meir enn 20 meter ei av dei aller lengste naturlege holene vi kjenner til på heile Jæren

Near lake Leidestjødn you can also find a place called Trodlanodland. This is one of very few places in our part of the country where the word "troll" is used as part of a area name. When one looks at the edgy and wild mountains in the area, it is not difficult to understand why people in times gone by thought that there has been trolls or magic at work here.
The cave at Trodlanodland with its more than 20 meters, is one of the longest natural caves known in the Jæren-area.
There are a lot of water in the cave, it may be wise to bring towels or a change of clothes - and of course a good water-resistant flashlight.

Utsikt
Om du vil utforska området enno meir, er det ei jaktfelle på toppen av ein knaus i kanten av Leidestjødna eit hundre meter austanfor hola.
Frå toppane ikring har du eit flott utsyn over Ognaheia, og mot vest kan du sjå vidt utover havet.

From the mountain peaks around Leidestjødna you have a great view over the hills and moors to the east. To the west you can see far beyond the sea.


Korleis koma dit?
Det enklaste utgangspunktet er frå Ualand. Du kan gå dit frå Hetland kraftstasjon på Ognasida, eller køyra inn til bommen på grusvegen frå Gjermestad i Eigersund.
Frå skogsveg tek du av ved vegpunkt (Trailhead) og følgjer bekkjefar og gamle nødlingar oppover lia i retning Leidestjødna. Den gamle stien kan bare delvis skimtast og dei første par hundre metrane går gjennom relativt blautt, tungt og tettvokse terreng.
Terrenget er ikkje tyngre enn at det går greit ann å ha med seg born ned i 8 - 10 års alder på turen.
Det kan vera litt avvik på koordinatene til finalen sidan GPS forhalda på staden ikkje er optimale. Staden du ser etter er merka på tradisjonelt vis.
Ikkje slepp born inn i hola på Trodlanodland utan tilsyn.

How to get there
From Ogna you can hike up from the powerplant at Hetland.
From Eigersund you can drive to the turnpike on the gravel road from Gjermestad, then hike in from there.
Follow the forest road from Ualand to Trailhead, then hike up the slope towards lake Leidestjødn. The old path is barely visible, and the first couple of hundred yards walk is through relatively wet and heavy ground.
The coordinates of the final may be a little bit soft, due to weak GPS reseption in the area. The place you're looking for is marked in the traditional way.
Do not let children into the cave at Trodlanodland without supervision.

Additional Hints (Decrypt)

Gevaa rva: Swryyfcerxx yvxr binasbe uwøearg zbg føe Fgntr bar: Penpx va gur zbhagnva, nobir gur fbhgurea pbeare. Svanyr: Qnil Wbarf' ybpxre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)