Skip to content

Støttene på Ualand Traditional Cache

Hidden : 9/5/2011
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
3 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Ein stad litt nordaust for den nedlagte Ualandsgarden, heilt sør i Hå, er det eit rart fenomen inne i skogen. På eit område ligg og står det ein heil del små og store steinstøtter. Kva desse gamle steinstøttene eigentleg har vore til er det ingen som veit sikkert, området er ikkje undersøkt av arkeologar.

Anten steinane er gamle gravstøtter eller dei er del av eit kultanlegg, er det svært sansynleg at dei stammar frå førkristen tid. Det er ikkje umulig at dei stammar heilt tilbake frå folkevandringstida, altså i perioden rundt år 500 e.kr., kanskje endå lenger tilbake.

I dag er området gjenngrodd av store grantre, men for 1500 år sidan var det eikeskog her; den vi finn restar av i Rabali. Vi kan tenka oss at staden der støttene står ei gong var ein lun og open eikelund, og at støttene var del av ein seremoniplass der folk frå dei øvre bygdene møttest. Kanskje har det opprinneleg vore ein steinsirkel eller eit liknande anlegg, slik som vi mellom anna finn ved Stoplesteinane i Eigersund.

Her ved Ualand møtest fleire svært gamle stiar og ferdavegar både frå bygdene kring Gravdal i Bjerkreim, frå Herredsvela og frå dei øvre bygdene i Hå. Det er difor ikkje utenkeleg at nett denne staden har vore ein viktig stoppestad og seremoniplass for ferdafolk på veg til eller frå sjøen på Hellvik eller Ogna.

Frå fleire område i Dalane kjenner ein til det som vert kalla "varp" frå folkevandringstid. Dette var spesielle plassar der ferdafolk sette frå seg steinar som offer til dei underjordiske for å koma seg trygt over vanskelege delar av vegen. Her ved støttene på Ualand er det ei halvsirkelforma steinrøys som kanskje har vore nett slik eit "varp", mens andre av steinane er mykje for store til at ferdafolk kan ha hatt dei med seg. Kanskje anlegget har hatt ulike funksjonar opp gjennom århundra?

Om anlegget har vore brukt til det eine eller det andre er såleis ikkje så godt å vita, men det er uansett ein spennande stad som innbyr til utforsking og fantasiar om ei tid langt tilbake. Ei tid då eikeskogen dekka landskapet, då folk ferdast til fots på gamle stiar, og både bjørn og ulv var vanlege i heiane ikring.


A bit northeast of the abandoned farm at Ualand you can find a rather peculiar phenomenon in the woods. A large number of small and large stonepillars are located in this area. What the meaning or purpouse of these old stones actually have been , nobody knows for sure, since the area is not examined by archaeologists.

Either the stones are old tombstones, or they are part of an old seremony grund. Either way, it is likely that they stem from pre-Christian times. It is not impossible that the stem all the way back from the migration period, ie during the period around the year 500 AD, perhaps even further back.

Here at Ualand several very old paths and transit routes meet, from both the villages around Gravdal in Bjerkreim, from Herredsvela and from the upper districts in Hå. It is not unlikely that this particular site has been an important stop and ceremonial place for travelers on their way to or from the sea at Hellvik or Ogna.



Korleis koma dit?
Det enklaste utgangspunktet er frå Ualand. Du kan gå dit frå Hetland kraftstasjon på Ognasida, eller køyra inn til bommen på grusvegen frå Gjermestad i Eigersund.
Frå skogsveg tek du av ved vegpunkt "Sti" (Trailhead) og går siste biten gjennom skogen

How to get there
From Ogna you can hike up from the powerplant at Hetland.
From Eigersund you can drive to the turnpike on the gravel road from Gjermestad, then walk in from there.
Follow the forest road from Ualand to Trailhead "Sti", then walk in through the woods from there.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre ebgn cå fgbeg ger Haqre gur ebbg bs n ynetr gerr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)