Skip to content

Potholes and caves at Brufjell EarthCache

Hidden : 11/6/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
4 out of 5

Size: Size:   not chosen (not chosen)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


English and German text below.

Ved slutten av den siste istida vart enorme mengder vatn frigitt og vannstanden i havet auka relativt raskt, med fleire 10-talls meter.
Siste istid starta for ca 120.000 år sidan og varte til klimaet forandra seg for ca 11.700 år siden. Under istida låg isen kilometertjukk over skandinavia, og tyngda av all isen pressa landet ned i den underliggande plastiske mantelen. Når isen smelta bort, begynte landet sakte å stige for å gjenvinna balansen. Denne perioden, då land og hav steig om lag like fort, vert kalla Tapes (Tapestransgresjonen) og varte i 3-4000 år.

Ei jettegryte er ei glatt og sylindrisk grop i fast berg. Ordet jettegryte kjem frå eit av dei mange gamle norske orda for troll; jette. I gamle dagar trudde ein at det var trolla som hadde laga desse glattslipte hola i fjellet.

Svært mange jettegryter er danna av vatnet i breelvar under siste istid. Desse ser vi som groper eller holer ned i bergoverflata. Forskarar har lenge meint at stein og grus blanda med smeltevatn i breelvar under isen frå siste istid har hatt ei roterande rørsle som har slipt sylindriske holer ned i bergrunnen.

I nyare tid har ein langt på veg forlate teorien om roterande stein og grus som opphav til jettegryter. Dei fleste meiner no at jettegryter blir danna av ein prosess som blir kalla kavitasjon. Kavitasjon er noko som skjer når vatn under høgt trykk treff berggrunnen. Då vil vatnet fordampe når det treff berget og ein får eit enda større trykk, eit trykk sterkt nok til å erodere og grave hol i fjell. Kavitasjon er også eit kjent problem i vasskraftverk der vatnet eroderer vekk skålene i turbinane.

Jettegrytene ved Brufjell er ikkje danna av breelvar. Her er det havet og bølgene under Tapesperioden som har erodert ut både platået og jettegrytene/holene. Sjå figur nedanfor.
Krafta i dei tunge havbølgene er enorm, sterk nok til å grave sund fjell. Jettegrytene vi kan besøka her ved Brufjell er truleg blitt danna i ein kombinert prosess av roterande stein og kavitasjon. Over fleire tusen år har nok havet og bølgene filt små og store steinar mot berggrunnen, samstundes som dei største og tyngste stormbølgene har hatt kraft nok til å laga ein kavitasjonseffekt lik den breelvane har hatt.

Etter Tapes har kysten og landet heva seg raskare enn havet, slik at det som ei gong var kystlinja no er ca. 20 meter over havnivået. Dette gjer at vi no kan besøka desse uvanlege holene og jettegrytene. Såleis er Brufjellholene er eit av dei mest synlige bevis på klimaendring, istid, landheving og havstigning vi har. Havet og holene har i mange tusen år vore skilt frå kvarandre, men i dag stig havet raskare enn landet. Om nokre hundre år vil kanskje havet igjen nå opp til holene og fortsetja utgravinga.

Fjellet her er den same typen som dannar dei lyse områda på månen, som du kan sjå ein klar måneskinskveld, og vert kalla anortositt. Når du står ved varden på Brufjell kan du studera det kollete bare landskapet som denne bergarten dannar. Dette anortositt-landskapet er karakteristisk for den sørlige delen av Rogaland og dei nord-vestre delane av Agder.

Stien ned til sjøen frå Brufjell er svært bratt nokre stader, men den heilt spesielle kysten du kjem ned til er strevet verd! Nede ved kysten kjem stien ut på ei plattform ca. 20 meter over havnivået. Langs denne plattforma finn du fleire jettegryter/holer som havet har grave ut av det solide fjellet.

Nyt turen, og la fotspora dine vera det einaste du legg att etter deg!


The solid rock here is similar to the kind of rock that forms the light areas of the moon and is called anorthosite. From near the cairn at the top of Brufjell you will be impressed by the bare, rounded, rocky hills that dominate the view. This ‘anorthosite landscape’ is characteristic of most of the southern part of Rogaland and the north-western part of Agder.
The path down to the coast from Brufjell is very steep in places, but it is worth the effort to see the coastal features here. At the coast the track comes out onto a platform about 20 meters above sea level.

A pothole is a smooth, cylindrical hole in the rock surface The norwegian word for pothole, "Jettegryte", derives from one of the many old Norwegian words for trolls, "Jette". In the old days it was believed that it was the trolls who had made these smooth kettles and caves in the mountains.

Most potholes were formed by water in glacial rivers during the last ice age. These we now see as pits or caves into the rock surface. Scientists have long thought that stones and gravel mixed with water from the melting ice during the last ice age, has had a rotating movement that has shaped cylindrical hollows into the bedrock.

In recent times, most scientists have left the theory of rotating stone and gravel as the origin of potholes. Now most believe that potholes are formed by a process called cavitation. Cavitation is something that happens when water under high pressure hits the rocks. The water will evaporate when it hits the rocks and one gets an even greater pressure, a pressure strong enough to erode and dig holes in the bedrock. Cavitation is also a known problem in hydro power plants where the water erodes the bowls in the turbines.

The potholes at Brufjell is not formed by glacial rivers. Here it is the sea and the waves during the Tapes period that has eroded both the plateau and the potholes / caves, as shown in the figure below.
The force and power of heavy ocean waves are immensely strong, strong enough to erode and dig ito the bedrock.
The potholes we can visit here at Brufjell have probably been formed in a combined process of rotating stone and cavitation. Over several thousand years, the sea and the waves have grinded small and large stones against the bedrock, at the same time as the largest and heaviest storm waves have power enough to create a cavitation-effect like the glacier rivers have had.

At the end of the last ice age, when all the water locked in the ice was released, sea level rose quite fast. During the Tapes period sea and land must have stayed at the same level for quite a long time, for this platform to be eroded. The weight of the ice forced the land to slowly sink down into the underlying mantle (which is hot and behaves like plastic). When the ice melted, the land started to rise again very slowly. Since the platform was cut by the waves the coast here has risen by about 20 meters – this makes it possible for us to visit these unusual caves and potholes today. Because of global warming, sea level is rising faster than the land in this area, and in a few hundred years waves may once again be able to continue excavating these caves.

Enjoy your walk and leave nothing but footprints!


Das Gestein ähnelt dem, aus dem die hellen Bereiche des Mondes bestehen: Es ist Anorthosit. Der Blick vom Gipfel am Steinhügel des Brufjell vermittelt einen deutlichen Eindruck von der kahlen, hügeligen Landschaftsform, die für dieses Gestein so charakteristisch ist. Die ‘Anorthosit-Landschaft’ prägt den südlichen Teil des Rogaland und der nord-westlichen Teil von Agder.
Der Pfad von Brufjell herunter zur Küste ist stellenweise sehr steil. Doch die ungewöhnliche Küste, zu der man absteigt, belohnt die Anstrengung. In Küstenähe führt der Pfad auf eine Plattform 20 Meter über dem Meeresspiegel. Entlang der Plattform sieht man vom Meer ausgehöhlte Grotten. Die Eisschmelze hatte gegen Ende der letzten Eiszeit viel Wasser freigesetzt und der Meeresspiegel war relativ rasch gestiegen. Dennoch muss er über eine Zeitspanne von 3-4.000 Jahren konstant geblieben sein. Während dieser Periode wurden die Plattform und die Grotten erodiert. Sie wird zeitlich mit der Tapestransgression gleichgestellt, die auch andernorts in der Gegend dokumentiert ist. Während der letzten Eiszeit hatte das Gewicht der Eismassen die Erdkruste tiefer in den plastischen Erdmantel einsinken lassen. Als das Eis geschmolzen war, begann das Land sich langsam wieder zu heben. Seit Entstehung der Grotten ist es um 20 Meter gestiegen und hebt sich nach wie vor. Wegen der globalen Erwärmung steigt der Meeresspiegel heute allerdings schneller als sich das Land hebt. Deswegen ist es denkbar, dass der Meeresspiegel in einigen hundert Jahren die Plattform erneut erreicht und die Erosion der Grotten weitergeht.

Geniessen Sie die Wanderung und bitte hinterlassen Sie nichts ausser Ihren Fussspuren.

A: At the end of the last ice-age
B: Wave erotion during the Tapes-period
C: Present time

For å logga denne cachen:
1) Send ein e-post til cacheeigar på Lefr.geocaching(at)gmail.com og svar på følgjande spørsmål:
a) Korleis har desse jettegrytene/holene blitt danna?
b) Kor mange store holer er det? (Store nok til at ein vaksen kan stå inni)
c) Kva for ei hole går djupast inn i fjellet? (Tell frå der stien kjem ut på platået)
Det er ikkje eit krav, men geocachere vert oppmoda til å poste eit bilete av seg sjølv og/eller GPS'en sin på staden i "Found it" loggen.

For å senda svara dine kan du klikka her for å åpne ei ny e-post melding.


To claim this cache:
1) Send an e-mail to cacheowner on Lefr.geocaching(at)gmail.com answering the following questions:
a) How have these potholes/caves been formed?
b) How many large potholes/caves are there on the site? (Large enough for an adult to stand upright in)
c) Which cave goes deepest into the mountain? (Count from where the trail comes out onto the platform)
Please answer in english or norwegian.
Not a demand, but as a geocacher you are encouraged to take a picture of yourself and/or your GPS on site and post this in your "found it" log.

To email your answers you may click here to open a new email.

Additional Hints (No hints available.)