Underhaugs Fabrikk Traditional Cache
NonaNorwegianAdiutor: Hei, garilang
Denne geocachen arkiveres.
Vennlig hilsen
NonaNorwegianAdiutor
Geocaching Reviewer
More
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:
 (micro)
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
HUGS Å LEGG BOKSEN AT PÅ SAME PLASS DU FANN DEN!
Grunnleggaren av Underhaugs Fabrikk F.A. Underhaug var ein av pionerane i jærsk industri. Han starta Underhaugs Fabrikk (på folkemunne Underhaug) i 1907. Underhaug fusjonerte med Kverneland i 1986 og blei nedlagt i 2004.
Underhaug produserte bl.a. steinbukkar (seinare valgt til kommunevåpenet til Hå Kommune), potetutstyr, avlessarvogner og rundballepakkarar.
Cachen er ein micro. Den ligg på lovleg side av gjerdet.
I 1907 starta F.A. Underhaug frå Jondal i Hardanger fabrikk i det gamle meieriet på Nærbø. Han var svigerson av O.G. Kverneland, grunnleggar av Kvernelands fabrikk på Kvernaland, og hadde gått i lære hjå han.
Dei fyrste åra produserte Underhaug hestereiskap for jordbearbeiding. Plog, hestehakke og harver var dei store produkta i starten.
I 1911 utvikla han ei klypa for bruk på steinbukken. Denne gjorde arbeidet med nydyrking mykje lettare, og dermed var dette med på og setta fart i nydyrkinga på Jæren.
I løpet av dei fyrste 25 åra produserte Underhaug blant anna:
-7276 plogar
-2186 hestehakker
-over 5000 harver
-6354 steinklyper
-5687 steinbukkar
I løpet av dei same åra måtte fabrikken byggast ut 2 gonger.
I åra som fylgde utvikla Underhaug eit universalreiskap for potet og radkulturvekstar, den vart kalla "Troll". I fyrste omgang var Troll utvikla for hest, men når traktoren gjorde sitt innpass i norsk landbruk, blei den tilpassa denne også. Frå 1932 til 1963 blei det produsert ca 15000 einhetar. "Troll" var ein stor suksess, og dette, saman med ein avtale i "Redskapsfabrikkenes Landslag" gjorde at Underhaug fasa ut produksjon av plogar og harver, og satsa på området rotvekstar/poteter.
I 1951 blei Troll vidareutvikla med ein halvautomatisk potetsettar (Det er nok mange rundt om i Norge som har klemt fingrane i ein slik). Dette var starten utviklinga av potetsettar. Seinare vart detutvikla heilautomatiske potetsettarar som sette opp til 6 rader på ein gong.
I 1953 blei ein belteopptakar presentert. Den tok opp potetene, fjerna jord, og la potetene på bakken. Frå 1954 til 1982 blei det produsert over 17000 belteopptakerar av denne typen.
I åra som gjekk kom det meir avanserte 3 punktmontert potetopptakerar. I 1963 kom Faun 1500, i 1968 faun 1600 (produsert antall ca 6500stk) og i 1982 Super-Faun. Superfaun blei også ein stor suksess og den produksjonen blei til slutt stoppa i 2010. Med desse produkta blei Underhaug ei eksportbedrift.
Utviklinga gjekk mot større maskinar, og Underhaug fylgde med i utviklinga, og det blei i løpet av sist på 80-tallet, 90-tallet og 2000-tallet utvikla store slepte potetopptakerar.
I 1975 kom avlessarvogna inn i produktportefølgen. Dette blei ein stor slager. Bare i løpet av 1981 blei det seld heile 1541 avlessarvogner. Desse var fortrinnsvis laga for det norske marknaden, så etter kvar vart markedet metta og kravet til kapasitet større og produksjonen minka. Produksjonen haldt fram til langt utpå 2000-tallet. Kvaliteten var god, så mange er fortsatt i drift.
På midten av 80 tallet var Underhaug med på å endre måten rundballar blei behandla på etter pressing. Då kom produktet Underhaug har blitt mest kjent for utvikla; rundballepakkaren Silawrap. Denne pakka rundballen inn i plastikk. Det gjorde ensilering av gras enklare og fôrkvaliteten i rundballen vart mykje betre enn med metodane som var brukt før. Rundballepakkaren blei ei eksportvare utan like og blei ganske fort hovudproduktet hjå Underhaug. I løpet av åra kom det mange ulike modellar for forskjellig bruk. Det blei også utvikla ei rundballepresse med integrert pakkar. Den fekk namnet BIO, og i 2001 fekk den Merket for God Design av Norsk Designråd.
Utviklinga av produksjonen gjorde at det gamle meieriet Underhaug starta opp i blei for lite. Så i perioden 1949 - 1978 blei det i etappar bygd ny fabrikk ved Torlandsvegen på Nærbø. Bygningsmassen er nå på over 15000m2.
I 1986 fusjonerte Underhaugs fabrikk med Kverneland, og fargen på produkta blei endra frå oransje til rødt og grønt. I 2001 blei potetutstyrsproduksjonen skilt ut i eit eige selskap og flytta til Nederland og i 2004 vedtok Kverneland Group og legga ned det som då heite Kverneland Nærbø, og flytta produksjonen av rundballepakkerar til Tyskland. Rundballepakkarproduksjonen er seinare seld til Kuhn.
Restane av Underhaugs fabrikk blei i kjøpt av TKS i 2004, og dei starta eit dotterselskap som fekk namnet TKS Mekaniske. I tillegg vart potetutstyrsproduksjonen kjøpt tilbake frå Nederland og innlemma i TKS Mekaniske. Det blei også utvikla nye rundballepakkerar. Men tidleg hausten 2011 blei også TKS mekaniske vedtatt nedlagt. Det var for store problem med å få økonomi i drifta.
Så då er det kapittelet om storstilt landbruksmaskinproduksjon på Nærbø over, i allefall i denne omgang.
Men det er fortsatt liv i bygningane, som i dag (oktober 2011) mellom anna husar bedriftane TKS Heis og Nærbø Rekneskapslag
Oppdatering mars 2013:
I dag held også Underhaug AS til i lokala. Dei som driv dette firmaet er direkte etterkommerar etter gamle F.A. Underhaug. Så det var ikkje slutt på produksjon av landbruksmaskinar i lokala likevell.
Det kan elles nemnast at Underhaugs fabrikk fann opp og tok patent på ein rattkjelke i ca 1920, men den blei ikkje ein suksess for Underhaug. Men omkring 1950 var det mange andre som laga slike rattkjelkar. Kvifor Underhaug ikkje fekk suksess med produktet er det sikkert fleire grunnar til, men ein av dei var nok at dei haldt til på flate, snøfattige Jæren.
Oppdatert mars 2017: Cachen er ein micro. Den er plassert slik at du når den frå utsida av gjerde.
Tidlegare var den plassert på ei gammal industripresse rett ved der den når er gøyd. Men brått ein dag var denne pressa vekk. I ettertid har eg fått veta at ein lastebil rygga borti denne maskinen slik at fundamentet vart øydelagd. Desverre blei det då tatt beslutning om å senda pressa til opphogging.
Kilder: -“Det var ein gang… Troll, Faun og andre eventyr fra Nærbø” Jubileumsbok for Underhaug 1982
- Wikipedia
- TKS si heimeside
Additional Hints
(Decrypt)
Twreqr
Treasures
You'll collect a digital Treasure from one of these collections when you find and log this geocache:

Loading Treasures