Skip to content

Hoelsfossen - OK#03 Traditional Geocache

Hidden : 1/1/2012
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Hoelsfossen


HoelsbruaHoelsbrua
Hoelsfossen er ein foss ca. 10 km frå utløpet av elva Valldøla. Området ved fossen er populært både mellom laksefiskarar og raftarar. Det er laga laksetrapp forbi her slik at elva er lakseførande også ovanfor fossen. Hovudvegen gjennom Valldalen kryssar elva på Hoelsbrua like ved fossen. Denne brua vart opprinneleg bygd i 1921 og har blitt utvida og endra opp gjennom åra.

I fossen vart det bygd kraftverk allereie på 1920-talet som forsynte grendene rundt med straum. Ved bygginga av kraftverket vart turbinen dregen med handemakt den lange vegen frå fjorden og opp til fossen. Dette kraftverket var eit likestraumsanlegg, og vart lagt ned i 1948 til fordel for større selskap og vekselstraum.

Hoelsfossen i 1922Hoelsfossen ca. 1922

I 1997 delte kommuna ut ein kulturminnepris som vart brukt til å ruste opp det gamle kraftverksbygget. Etter kvart kom det planar om å igjen kunne produsere straum i fossen. Det vart bygd ny inntaksdam og ny rørledning til kraftverket, ein kaplanturbin kom på plass, og i 2007 var det igjen straumproduksjon i Hoelsfossen. Det nye anlegget har ein kapasitet på om lag 400 kW. Til samanlikning var det gamle kraftverket på 90 kW.

HoelsfossenHoelsfossen

Same år som kraftverket kom i drift igjen delte kommuna ut byggeskikkprisen for restaureringa av kraftverket og anlegginga av ein vasspark i tilknytning til dette. I 2012 pågår framleis arbeidet med vassparken, og det er mellom anna planar om gjenreising av eit eldre kvernhus.

OBS!
Elva kan vere farleg, så pass på at du ikkje ramlar ut i vatnet. Du treng ikkje gå nær vatnet for å finne cachen.
Cachen inneheldt kun logg, så ta med eigen blyant.
Pass på at kamuflasjen er skikkeleg på plass.

[English]
(This is a short version of the Norwegian text above.)
Hoelsfossen (the Hoel waterfall) is located 10 km up the river Valldøla. The bridge crossing the river here was built in 1921, and at the same time a power plant was made in the waterfall. Electricity was produced here until 1948 when the power plant was closed. But in the recent years the building has been restored, and in 2007 electricity was once again produced here. In the area there is also work being done to make a "water park".

The river can be dangerous, so please make sure you are not falling into the water. There is no need to go near the water to find the cache.
This is a log-only cache, so bring your own pencil.
Please make sure the camouflage is properly in place.

[Deutch]
(Dies ist eine kurze Version des Norwegischen Text.)
Hoelsfossen (das Hoel Wasserfall) ist 10 km von der Mündung des Flusses Valldøla. Die Brücke über den Fluss war hier im Jahr 1921 gebaut, und gleichzeitig ein Kraftwerk war in den Wasserfall gebaut. Elektrizität wurde hier bis 1948 produziert, wenn das Kraftwerk geschlossen wurde. Aber in den letzten Jahren ist das Gebäude restauriert und im Jahre 2007 wurde wieder Elektrizität hier produziert. In der Nähe baut man auch einen Wasserpark.

Der Fluss kann gefährlich sein, so stellen Sie bitte sicher, dass Sie nicht ins Wasser fallen. Der Cache ist nicht in der nähe des Wassers.
Dies ist ein Log-only-Cache, so bringen Sie Ihren eigenen Bleistift.
Sie müssen bitte sicher sein, dass die Tarnung richtig eingesetzen ist.

Additional Hints (No hints available.)