Skip to content

Laksetrappa Traditional Cache

Hidden : 1/4/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Hvis du vil gå ned tretrappa for å sjå laksetrappa på nært hald, må du vere SVÆRT forsiktig - den er veldig glatt når den er våt, eg falt ned under utlegginga - les note frå 4/1-12 for å vite meir om korleis det gjekk! Det er ikkje naudsynt å gå ned dit for å finne cachen.

edit 15/8-2017 - Cachen er flytta ned til laksetrappa, men tretrappa har sia sist fått sklisikring. Det er framleis glatt på platået, og det er særs lett å gå på trynet der og!


Cachen er plassert ved den einaste Laksetrappa i Bergen, dette er frå opninga 5. juni 2009.
Foto: Ronny Bertelsen.


Gammal tanke

Alt lenge før krigen dukka tanken om laksetrapp i Storelva opp. Ei trapp som fører til at laksen kan vandra heile fem kilometer opp i elva for å gyta. Dermed kjem dei heilt opp til Janusfabrikken. Prosjektet har vorte tatt opp ei rekkje gonger seinare også, før det vart realisert i 2009.

Trappa er sett opp ved Lilandsfossen, like nedanfor bedrifta Indus. Og det er eit spesielt byggverk det er snakk om. Betongvegger i eit sirleg system av kammer som gjer at laksen slepp prøva seg på det kunststykket det er å ta seg opp fossen. Ein av veggane har vindauge under vatn. Laksen problemfritt ta seg opp til dei flotte gyteområda lenger opp i elva, og medlemmene i sportsfiskarlaget har fått endå fleire plassar dei kan lura fisken på kroken.

Tidlegare var det berre sjøauren som greidde å ta seg opp fossen.

Meir laks

Hovudføremålet med laksetrappa er å gjera det mogeleg for både laks og aure å ta seg vidare inn mot Espeland, Rolland, Tangeland og Borge. Her er det ei rekkje svært gode og sikre gyteplassar. Dermed ligg alt til rette for at gytinga kan gå naturleg og at klekkeriet på sikt kan leggjast ned.

Det vil igjen føra til at talet på laks vil auka, og det er svært viktig i ei tid der villaksen er i krise. Alt frå lakselus til rømt oppdrettslaks, som også vil spre genene sine i dei lakseførande elvene trugar laksestammene.

Heile prosjektet har kosta vel ein halv million kroner, det doble av det ein først trudde. Den største private bidragsytaren er Torofabrikken, som bladde opp 150.000 kroner til anlegget.

Kjelde: bygdanytt.no

Additional Hints (Decrypt)

Uølg onx fgrva - fr fcbvyre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)