Tapte symbol
Nad Brun og Don Lang var berykta skattejegerar. Lenge hadde dei vore på leiting etter ein hemmeleg skatt. Gamle mysterium og gåtar var løyst på vegen, og hadde ført dei fram til ei hule ved Øygardsvatnet, akkurat der grensa mellom Time og Gjesdal skjer vatnet i to.
Nad, som var den utolmodige, ålte seg inn i hula med hovudet først. Etter få minuttar kom det eit hyl - og etter litt kav, kom Nad triumferande ut med ei lita kiste. Kista var av tre med jernbeslag rundt og ca 15 x 15 cm stor. Lokket var ikkje låst, så Nad fekk raskt opp kista.
Kva er dette!? stønnar Nad. Han drar fram eit falma, slit papirark opp frå kista, og gir det til Don.
Det ser ut til at eg skal overta nå. konstaterer Don då han ser innhaldet. Don var ekspert på symbol og elska å løysa mysterium.
Nad, dette skal eg løysa kjapt. Eg trur...eg trur dette viser koordinatar til...den endeleg skatten...desse teikna såg eg nettopp i ei bok....mumlar Don mens stemmen hans blir meir og meir fjern.
Nad venta tolmodig mens han sette seg til å lesa ei bok, han hadde kome til side 241....han bladde om til side 242....AHA! Det er ikkje bare Don som kan tyda dokumentet, tenkte Nad ivrig!
OBS! Justering av koordinatane! NORD +1 og AUST -87 (red.anm.)

