Skip to content

Eikefjedlet - Gjesdal IV Traditional Cache

Hidden : 1/22/2012
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
3.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Ein av fleire cacher som har som mål å gjera deg meir kjende med staden Gjesdal i Gjesdal kommune. God tur!

(Om vinteren: cachen er nok tilgjengeleg sjølv med litt snø.)
Cachen originale innhald: FTFC, bytteting, loggbok, skrivesakar, ein coin og ein TB.


OBS! Les om bonuscachen nedst på sida og legg merke til kva utstyr som er lurt å ta med (QR-leser på mobilen)



Med sine 321 moh rager Eikefjedlet stolt over gjesdalområdet.

På bilete over står du på Eikefjedlet og ser sør-vest mot Gjesdal med alle sine gårder. Utanfor biletet rett vest, ligg Gjesdalkyrkja og Limavatnet, og vidare Ålgård.

Rett under fjedlet sørover (sjå bilete under), ligg Moen og Hadlandsmoen, gårder som har fjell på alle kantar bortsett frå mot vest. Det er nede på Hadlandsmoen Eikefjedlet viser sitt majestetiske jeg, der det stig mot skyene.



På andre sida av dalen og moen, ligg bl.a. toppen Øksnanuten, 390 moh (N58°45.624 E5°58.907). Med god oppdrift og gunstige luftforhold har Øknanuten blitt rullebane til hangglidere, paraglidere og andre flygeglade. Kanskje ein er heldig og får sett dette live? Sjekk ut denne lenka , her er det ein særs flott film med hanglidingflytur. I løpet av det første minuttet ser ein starten frå Øksnanuten, vidare over moenområdet og Eikefjedlet på andre sida.

Austover ligg Madland, Brekko og Ravndal. Vender ein seg meir mot nord møter auge fjellrader frå Oltedal til Ålgård. Nord-vest kan ein sjå Håfjedlet, der det ligg ein Kjellas8-cache.

Les meir om Eikefjedlet og turforslag her:
www.turinspirasjon.net - Eikefjellet
Vardejakten - Eikefjellet

pratt95 har inkludert tre av mine i sin glimrande Tour de Eikefjedlet. Det er i alt 6 cacher du må ta for å kunne ta bonuscachen. Men i tillegg har pratt lagt ut fire tilleggscacher som er kjekke å ta på rundturen. Les om bonuscachen her: Mot Eikefjeldet#Bonuscache


Blåe merke viser deg vegen til topps!

Viktig skilt!

Additional Hints (Decrypt)

Fgbe fgrva. / Ovt ebpx.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)