Skip to content

Langlim Traditional Cache

Hidden : 2/17/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Langlim.

Langlim er ei grend i Seljord kommune i Telemark.

Grenda ligger på ca. 700 moh. ved nordenden av Sundsbarmvatnet.

Grenda har hatt bosetning fra ca. år 1000.

Navn som Jønnardalen og hyttedalen forteller om jernutvinning i tidligere tider.

Grenda fikk bilveg først i 1958, og i 1960 ble skolen nedlagt.

Grenda hører nå til Flatdal skolekrets og Åmotsdal sogn.

Historien om grensesteinen på Vasen.

Dei som har vore så dumme at dei har flutt eller kasta grensesteinar, får det ikkje godt etter at dei er døde. Då blir dei til spøkeri som må bera på steinen i evig tid, og dei skrik og let ille. Når dei endeleg har fått steinen nesten på plass, mistar dei den, og må bera på nytt. Den einaste måten dei kan bli fri på, er at eit menneske hjelper dei å seta grensesteinen på plass att.

For lenge sidan budde det ei mektig kvinne i Langlim. Namnet hennar var Jorunn, og ho eigde ni gardar. Altså var ho veldig rik! For ni gardar, det var heile Langlim, det!
Men ho syns ikkje at ho hadde nok, og ville snike til seg litt av garden frå naboane sine.
At naboane var veldige fattige, brydde Jorunn seg ikkje om.
Grensa mellom bygdene Langlim og Åmotsdal gjeng på ei hei som heiter Vasen.
Der gjekk delet langs etter heia, slik at Jorunn eigde på den eine sida og Rønjomsbonden på den andre.
Men Jorunn ville eige heile Vasen, slik at ho kunne sita å sjå ned til Åmotsdal.
Då fekk ho ei fattig husmannskjerring som heitte Brynhild til å kaste vekk grensesteinen som stod midt oppe på heia. Slik kunne Jorunn sei at ho eigde heile Vasen.
Brynhild kasta grensesteinen i eit tjern, og som lønn fekk ho litt mjøl av Jorunn.
Etterpå gjekk ho heim og koka seg graut, men då blei ho sjuk.
Ho fekk så vondt i magen, og har nok vondt i magen den dag i dag.
For no gjeng Brynhild på Vasen som deildegast, skrik og ber seg, dreg på steinen og klarar ikkje å få den på plass att.
Uansett kor mykje Brynhild slit og strevar, kjem ho aller til å klare å få seta grensesteinen der han skal stande.
Kva som hende med Jorunn er det ingen som veit, men ho har nok fått si straff ho og.

 

Additional Hints (Decrypt)

Uratre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)