Hjartdal

Hjartdal kommune ligg i Telemark fylke og grensar til Notodden i aust, til Tinn i nord og i sør og vest til Seljord. Kommunen har sine noverande grenser frå 1905, då eit mindre område vart overført til Seljord.
Administrasjonssenteret i Hjartdal er Sauland. Lokalavisa er Telen, som òg dekkjer to andre kommunar.
Busetnaden i Hjartdal er for det meste spreidd. Kommunen har ingen tettstader, men tre mindre bygder, Tuddal, bygda Hjartdal og kommunesenteret Sauland. Landskapet i Hjartdal utgjer for det meste fjell og hei, og om lag ein fjerdedel av kommunen ligg innan landskapsområdet Brattefjell-Vindeggen. Sør for det største dalføret ligg Mælefjell på 1413 moh. ved grensa til Seljord og i nordvest Vindeggen på 1516 moh. Det høgste punktet i kommunen ligg på ryggen opp mot Gaustatoppen og er på 1615 moh.
Skog- og jordbruk er viktige næringar i kommunen, hovudsakleg med husdyrhald kombinert med skogdrift og andre næringar, som anleggs- og byggearbeid. I Sauland vert det dyrka korn, sidan jordbotnen, terrenget og klimaet dannar eit gunstig grunnlag for dette. Av dei yrkesaktive har nærare halvparten arbeid utanfor kommunen, særleg i Notodden og i Seljord. Turisme er ei viktig næring i fjellbygda Tuddal, med me.a. fleire hytter i området. Det er tre kraftverk i kommunen med ein årleg kapasitet på 114 MW. Størst av desse er Hjartdøla attmed Hjartsjåvatnet som vert drive av vassdraga vest for Tuddal og nord for det største dalføret i kommunen.
