BONDEOPPRØRET I AMBJØRNDALEN I 1540

I 1990 er det 450 år sidan det kom til konfrontasjon mellom styresmaktene - kongen i København, bergverksfolka på Sundsbarm og andre representantar for det "offentlege" - og bønder i Telemark. Det var særleg bondestanden i dei noverande kommunane Hjartdal, Seljord, Tokke, Kviteseid, Tinn og Vinje som protesterte mellom anna mot at tyske bergverksfolk tok seg til rette blant folk i bygdene.
På denne tida vart reformasjonen innført av den protestantiske danskekongen. Dette førte og med seg endringar som ikkje vart godtekne av nordmennene som folk. Eit resultat av norsk misnøye var mellom anna skattestreik - bøndene i Telemark nekta å betale skatt til ein biskop som dei ikkje lenger hadde - etter det kjeldene kan fortelje.
Etter fleire år med stadige motsetnader mellom folk og styresmakter, sende kongen i 1540 militærmaki mot telebøndene. I Ambjørndalen møttest hæravdelinga med stridslystne bønder, men det kom ikkje til krigshandlingar. I staden vart representantar for bøndene tekne til fange, da dei skulle forhandle med hæravdelinga.
Resultatet av denne hendinga var at bøndene la ned våpna sine, truleg i Bågålia i Hjartdal, rett ved kyrkja. Bonderepresentantane vart stilde for retten, og vart dømde til å miste livet ved halshogging. Det var seks som fekk denne dommen, sistemann slapp å bøte med livet, men måtte i staden vere bøddel.
Rettssaka giekk føre seg på Hjartdal prestegard, hovudbygningen står nå ved Nutheim. Rettarstaden varpå Bråråker, rett ved kyrkjegarden i Hjartdal.
Tanken om ein bauta til minne om bondeopprøret har vore framme i seinare tid. På slutten av 1930-talet var det ein komite i arbeid for å reise ein bauta. Ein kom så langt at Dyre Vaa hadde laga eit utkast. Prisen skulle vere 650 kroner pluss frakt. På grunn av krigsutbrotet kom ein ikkje lenger. Kristian Håtveit var skrivar for komiteen den gongen.
Tanken vart teken oppatt av fleire no når tida for 450-årsminnet kom nærare. Initiativet kan ein i første rekkje tilskrive Anne Haugen Wagn, på grunn av avisartiklar ho skreiv om emnet. I komninnal samanheng er det Olav Tho, noverande ordførar, som tok initiativet i 1986.
Det er Hjartdal kulturstyre som har hatt det praktiske arbeidet med å reise dette minnesmerket, men ein har fått god hjelp av Hjartdal Museumslag, Hjartdal Bondelag og privatpersonar i og utanfor bygda.